søndag 30. august 2009

Ny blogg!











Då har eg kasta meg ut i bloggverda. Eg har den siste tida blada i mange flotte hobbybloggar, så no er eg vorten inspirert til å prøve sjølv. I starten kan det nok bli ein del prøving og feiling, det får lesarane heller bere over med.

Dei fyrste innlegga blir nok ein del bilde av ferdigstilte handarbeidsprosjekt. Eg driv for tida og produserer til ei julemesse, så eg prøver meg på litt ymse. Stort sett småprosjekt, og ikkje i dei mest avanserte teknikkar. Eg likar godt å leike meg med fargar - og tykkjer det er moro å sjå korleis fargar passar saman.

Vi kan no starte med ullbukser. Desse er ribbstrikka, og veldig tøyelege. Sidan dei er relativt lange i beina, kan dei i starten brettast opp, og barnet kan ha dei lenge. Flotte til å ha under dressar og regnbukser ein kald og sur dag. Med arbeidsdagen min i barnehage, kan eg godt anbefale at alle burde ha ei slik bukse:-)




2 kommentarer:

Ruth sa...

Gratulere med blogg! Du har strikka mykje fint, likte spesielt godt ullbuksane dine. Kan eg få spørja kor du har funne oppskrifta på desse? Ha ei fin helg!

Leei sa...

Tusen takk for hyggeleg tilbakemelding! Oppskrifta til desse ullbuksene er henta frå eit tilbehør-hefte frå Sandnes, Tema 12 står det på det.