søndag 20. september 2009

Jaktenke-laurdag

Då er hjortejakta i gong, og laurdagane gjeld det å finne på litt i lag med ungane. Denne dagen var det fint veir, og vi gjekk på tur til støylen til foreldra mine. Jentene leika og kosa seg i fineveiret, og eg fekk meg ei god økt med strikking.


Med dette får eg òg blogga vestane som eg strikka til jentene i august. Mjuke og gode i Gullgarn, oppskrift frå Sandnes. Enkle og greie og strikke.

Hytta til foreldra mine.


Småjentene mine, Nora og Kristina, 3 1/2 år.


Nora
Kristina




Rømegrautservering i friluft - kan det bli betre?




Ein liten tur i kantarellskogen fekk vi òg. Litt seint i sesongen, men nokre bra eksemplarar fann vi.

1 kommentar:

eling sa...

Flotte bilete av flotte jenter! Setra er like flott som eg kan hugse frå barndommen :)