mandag 9. november 2009

Tøfler og sokkar

Då er gåva til 95-åringen ferdig, eg tek sjansen på å legge dette ut her før den vert overrekt, trur ikkje han driv og les noko særleg hobbybloggar.
Tøflene er strikka i Cortina, og tova i tre omgangar for å få dei passelege. Eg har sydd på sålar frå Hifa, dei virka veldig greie. Men litt vanskeleg å få dei beine og perfekte, men dei formar seg vel i bruk. Gubben er modell, han har sannsynlegvis litt mindre fot enn mottakaren, men eg trur det skal gå bra.


Og her er nokre sokkar eg strikka medan tøflene tova og tørka. Raggstrømpegarn/hjertegarn, ca str 32. Brukte nesten eit nøste på kvar sokk.

1 kommentar:

Anlen sa...

Tøfler til 95-åring er lurt. Eg har strikka selbuvottar til bestefaren min, men han har ikkje teke dei i bruk enno. Det er berre eit år eller to sidan han fekk dei.... Han skal sikkert spare på dei:) Han er berre 92, då!