tirsdag 29. september 2009

Tova tøfler





No er mitt fyrste par med tova tøfler ferdige. Dei er strikka i Cortina med pinne nr 7, og tova på 60 grader. Eg er bra fornøgd sjølv, bortsett frå at tøflene ikkje ser heilt like ut. Den eine er litt lang og smal, den andre kortare og breidare. Det er likevel ikkje snakk om stor forskjel, så når dei kjem på dei føtene dei skal vere på, formar dei seg vel fint.

Pynten er heimelaga òg, flak med tova ull som vart klipt ut og sydd perler på.

Dette var kjekt arbeid, så når eg kjem meg på Sparkjøp snart, skal eg handle inn meir garn til dette.

søndag 27. september 2009

Hue, tøfler og nok ein barselspresang.

Dette har vore ei bra helg med strikking. Fekk fyrst ferdigstilt ullbuksa i forrige innlegg, sidan har eg laga ei hue og eit par tova-tøfler. Tøflene er i maskina no, etter ei runde var dei for lite tova, så vi får prøve eit litt hardare program. Tenkjer òg å lage nokre blomster av ullfilt og montere på, ferdig resultat kjem seinare.



Hue str 8 år, strikka i Smart. Modellen er noko yngre enn 8 år, så den ser naturleg nok litt stor ut.




Tøfler før toving.
Veninna til eldstejenta fekk ein gut denne veka, og allereide tidleg i sommar var gåva "bestilt". Den har lege ferdig ei stund, men eg kunne jo ikkje blogge den før den var overrekt. Mor Signes diagonalstrikka teppe i babyull og ei lita djevelhue.

lørdag 26. september 2009

Ny ullbukse og eit par barnesokkar

Siste veka har eg strikka på ei ullbukse i str 4 år. Etter min smak tar det litt lang tid å strikke ei slik bukse, men resultatet trur eg blei bra. Buksa er tenkt til julemessa, og den skal matche ein gensar eg har strikka tidlegare.



Stor og god til 3 1/2-åringen.







Eit lite sokkepar. Strikka av eit fargerikt garn som eg hadde med i denne bloggen for nokre innlegg sidan. Syns eigentleg ikkje det vart særleg fint, fargane skifta altfor ofte, så det vart for spraglete etter min smak.

søndag 20. september 2009

Jaktenke-laurdag

Då er hjortejakta i gong, og laurdagane gjeld det å finne på litt i lag med ungane. Denne dagen var det fint veir, og vi gjekk på tur til støylen til foreldra mine. Jentene leika og kosa seg i fineveiret, og eg fekk meg ei god økt med strikking.


Med dette får eg òg blogga vestane som eg strikka til jentene i august. Mjuke og gode i Gullgarn, oppskrift frå Sandnes. Enkle og greie og strikke.

Hytta til foreldra mine.


Småjentene mine, Nora og Kristina, 3 1/2 år.


Nora
Kristina




Rømegrautservering i friluft - kan det bli betre?




Ein liten tur i kantarellskogen fekk vi òg. Litt seint i sesongen, men nokre bra eksemplarar fann vi.

torsdag 17. september 2009

Nye sokkar

Sidan eg er nybegynnar på sokkar, har eg tenkt å lage nokre par slik at eg kjem inn i det. Dette paret vart ferdig i dag, strikka i Opal på pinne nr 2,5. Litt langdrygt med så tynt garn, men resultatet vart no ok. Syns det er artig med fleirfarga garn som vert striper. Eldstebarnet er sokkemodell, dei var kanskje litt store til henne, men meir passelege til mora. Inntil vidare går desse i Julemesse-korga, så får vi sjå.




lørdag 12. september 2009

Labbar, kjole og kjøkenklut

No er hausten på frammarsj, og dermed er ullsesongen i gang. Frå september-oktober og fram til våren brukar dei minste ungane mine veldig mykje ullkle. Eg hadde difor lyst å spe på med litt nytt heimestrikka, og gjerne noko som passar til prinsesseulla som vi har ein del av. Ein tunika/kjole hadde vore høveleg, tenkte eg. Noko passande oppskrift klarte eg ikkje å finne, så dermed var det berre å gå igang og finne på mønster sjølv. Veldig avansert vart det dog ikkje.

Etter ei lita veke var kjolen ferdig, strikka i garnet Silja. Heilt fornøgd er eg ikkje, den vart litt rar og trang i halsen, så eg vurderer å ta opp igjen og strikke siste biten om att. Det får bli når eg får ånden, blir liksom litt lei når ein har halde på ei stund. Her er resultatet, med Nora som modell. Og sida Nora har ei tvillingsyster, vert det vel å strikke ein til...

På mine gamle dagar har eg prøvd meg på strikking av sokkar. Har aldri vore flink til det før, så har eg heller aldr prøvd så hardt heller. Fann ei allround-oppskrift på nettet her, så då var det berre å prøve. Fyrste par var i Jarbo raggi, tjukt garn, raskt å strikke. Syns derimot fargane var...hm, ikkje så fine, men eldstejenta mi likte dei, så ho tok dei raskt i bruk.




Neste par var noko tynnare, her var det Fabel og pinnar 2,5. Meir nøgd med desse, sjølv om dei vart litt små. Må prøve meg litt fram når det gjeld å berekne garnmengde og kor mykje ein skal legge opp, m.m. Men det finn eg vel ut av.









Kjøkenklutar er populært for tida, og eg ville no prøve dette òg. Denne er i mandarin petit, 1 r og 1 vr, enkelt, men litt kjedeleg. Men greit resultat.



Garnhandel på nett

For fyrste gong har eg handla garn på nettet, og det blir no neppe siste gong heller. Frå Simply sock yarn har eg fått ein pakke med tynt sokkegarn, det gledar eg meg til å prøve. Dei fargane det er berre ei hespe av, vert nok barnesokkar, men det trengs det òg. Friske fine fargar, det likar eg.

mandag 7. september 2009

Barselsgåve og garninnkjøp

Då har heile familien (-eldstejenta) vore på barselsbesøk til vårt nye tante-/onkel-/sysken-barn. Ein liten skjønn pjokk på drøye 3 kilo.




Han fekk gåve òg, og sjølv om han kom 3 veker før termin, rakk eg å bli ferdig. Mor Signes babyteppe, djevelhue og eit par tommellause vottar.












Når eg likevel var i byn, måtte eg berre svippe innom Domus og finne noko meir spennande strømpegarn enn det dei har å få tak i her i kommunen. Resultatet var dette:


(Syns fargane er finare i verkelegheita enn på bildet).





Gledar meg til kome i gang, må berre avslutte vaskefilla som eg held på med. Eg har nemleg eit prinsipp om å ikkje ha fleire arbeid på gang på ein gong. Då er eg redd eg kan kome ut på viddene etterkvart...



Til slutt var vi på visitt på hyblane til elstejenta og tanteungen vår, dei er nyleg begynt på sjukepleieskulen i Førde. Hyblane var fine dei, men det blei ikkje noko fotografering der, så bilder derifrå blir her ikkje å finne.



Det trur eg var alt for i dag, får ta meg ei økt med vaskefilla (som er under produksjon) før eg legg meg.

lørdag 5. september 2009

Årets beste fisketur







Som nemnt i profilen min, likar eg godt å fiske. Det eg held meg mest til, er ørretfiske i fjellvatn, og det blir vanlegvis i Traudalen der vi har hytte. For nokre år sidan fiska vi nokre elvakre som vi sette ut i eit fjellvatn som vistnok var fiskelaust. Sidan har vi fått vite at andre har gjort det same. I år var det tid for å teste om fiskane hadde slege seg til ro, og ikkje minst reprodusert seg. At der var fisk hadde vi forsåvidt høyrt nyss om, men vi visste ikkje heilt kor stoda var. Ein dag i ferien gjekk min mann opp og prøvde lukka, og kom ned at med 6 fine fiskar. Dagen etter var det min tur - strevsamt å kome seg opp - men akk, det var verdt det. 7 ørretar vart resultatet, eit par av dei var over halvkiloen. Flott fisk, dette skal vi drøyme om og lengte etter når vinteren kjem...

Vottar og huer til store og små...

I vinter fekk eg så lyst til å prøve meg på vottar, hadde aldri prøvd å strikke vottar før. Fann ei oppskrift i ei handarbeidsbok, og sette i gang. Etterkvart vart det fleire par, dette var jo moro! Har eigentleg mest sansen for småarbeid, slik at ein raskt vert ferdig. (Og kan begynne på noko nytt.)
Av votteproduksjon er det vorte desse para, nokre til dame, nokre til mellomstore barn, og nokre til ca 1-3 åringar. Som nemnt likar eg fargar, gjerne tradisjonelle mønster i utradisjonelle fargar. Som de ser er det ikkje det mest innvikla mønsteret, men vottar er det iallefall. Garnet er stort sett Rubin og Smart, men også litt Østlandsgarn.


Huer er vel òg det ein kallar "Småarbeid", og etter at eg fann ei god oppskrift i eit Sandnes tilbehør-hefte, vart det nokre etter det mønsteret òg. Dvs, mønsteret har eg putta inn sjølv, i oppskrifta var det berre einsfarga. (Og det vert litt kjedeleg for meg...) Dei fleste huene er i str 4 år, nokre i ca 2 år.

Ein liten gut som er vorten litt stor før eg fekk somla meg til med sengjamat, fekk dette:




Sannsynlegvis litt stort, men det blir vel passeleg ein gong.

onsdag 2. september 2009

Stjernehalsar


Stjernehalsar var noko av det fyrste eg kom på at eg ville strikke til julemessa. Har no fått meg eit lite lager med halsar i ulike typar garn. To i Gullgarn, eit par i Babymerino, og eit par i Lerke, i tillegg til ein i Rubin. Tenkte kanskje eg skulle strikke nokre i litt friskare fargar, får sjå om det vert prioritert før 1. søndag i advent... Vurderer òg å sy på nokre merke som pyntar litt.