mandag 23. august 2010

Ny symaskin og det fyrste produktet

Eg har den siste tida hatt veldig lyst til å begynne å sy igjen, men sidan symaskina mi har vore defekt, har ho ikkje vore framme på fleire år. Eg var dessutan ikkje heilt tilfreds med den maskina, og eg har forstått det slik at det er kome mykje nytt på symaskin-fronten sidan eg kjøpte Singeren min i 1991.

Så etter å ha forska litt på nettet, og blitt overtala av ei symaskin-selgar, har eg no gått til innkjøp av denne:



Har lyst til å ha litt muligheiter, både til å sy diverse kle og kanskje litt lappeteknikk viss eg finn ut det. Samstundes må maskina vere enkel å betjene og ikkje altfor stiv i pris.

Fyrste prosjekt på den nye maskina var denne veska/baggen. Materiale og mønster vart kjøpt inn for over eit år sidan, då eg var med ElingKathrines quiltestue


.





Hadde ikkje kjøpt inn vliseline, og ser nok at eg skulle brukt det for å få eit stivare mageband på denne veska. Men når eg fyrst er i gong, har eg ikkje tolmod til å vente til eg evt. får kjøpt det dagen etterpå...
Ikkje heilt perfekt resultat, men denne skal eg jammen ha sjølv, så då får den berre vere slik den er.



Mønsteret er dette. .

10 kommentarer:

Anita sa...

Gratulerer! Jeg har ei symaskin som lager mange slags lyder og ikke syr (det har den ikke gjort siden starten på 90-tallet. Drømmer om ny maskin. Håper du blogger det du syr framover.


Hilsen fama

Fru Keilegavlen sa...

Gratulera med ny symaskin og eit flott prosjekt!! Flotte fargar på den veska. Skjønar godt du vil ha den sjølv. Kos deg vidare!! :)

Unknown sa...

Kjempelekker veske! Likte stoffet jeg da!!

Jane sa...

Grattis med ny maskin og nydelig veske. Likte både form og farger (og mønster) :D

Anonym sa...

Gratulerer med ny symaskin!
Gleder meg også å se hva du tryller ut av nøstebarngarnet fra forrige innlegg.

Silje sa...

Gratulerer med ny symaskin :) Gleder meg til å se mer lekkert som du tryller frem med den :)

Linda sa...

Grattis med ny maskin. Fint stoff og fin veske.

mimouna sa...

Så kjekt med ny symaskin. Og vesken din ble fin den!

Anonym sa...

Gratulerer med ny maskin :)! Håper du får masse glede av den!

Anonym sa...

Sjå, der var veska ferdig. Stilig!

Gratulerer med ny maskin! Tippar du får mange kosetimar attmed denne!