tirsdag 31. august 2010

Babyjakke

No har eg strikka denne babyjakka som er ein del av eit hentesett frå Drops design/garnstudio. Oppskrifta ligg her. Pinne nr 2,5, str 6-9 mnd.

Jakka er strikka i Inca alpakkagarn. Det var vanskeleg å få dei rette fargane på bilda, det ser jo ut som den er rosa og oransje, men den er altså raud og oransje.







Har fått meg merkelappar til å sy på det eg strikkar.

mandag 23. august 2010

Ny symaskin og det fyrste produktet

Eg har den siste tida hatt veldig lyst til å begynne å sy igjen, men sidan symaskina mi har vore defekt, har ho ikkje vore framme på fleire år. Eg var dessutan ikkje heilt tilfreds med den maskina, og eg har forstått det slik at det er kome mykje nytt på symaskin-fronten sidan eg kjøpte Singeren min i 1991.

Så etter å ha forska litt på nettet, og blitt overtala av ei symaskin-selgar, har eg no gått til innkjøp av denne:



Har lyst til å ha litt muligheiter, både til å sy diverse kle og kanskje litt lappeteknikk viss eg finn ut det. Samstundes må maskina vere enkel å betjene og ikkje altfor stiv i pris.

Fyrste prosjekt på den nye maskina var denne veska/baggen. Materiale og mønster vart kjøpt inn for over eit år sidan, då eg var med ElingKathrines quiltestue


.





Hadde ikkje kjøpt inn vliseline, og ser nok at eg skulle brukt det for å få eit stivare mageband på denne veska. Men når eg fyrst er i gong, har eg ikkje tolmod til å vente til eg evt. får kjøpt det dagen etterpå...
Ikkje heilt perfekt resultat, men denne skal eg jammen ha sjølv, så då får den berre vere slik den er.



Mønsteret er dette. .

onsdag 18. august 2010

Pakke i posten

I dag har eg fått pakke i posten. Utruleg mange fine oppskrifter i den boka, gledar meg til å ta fatt.

tirsdag 17. august 2010

Bake hjertebollar

Fredag var vi til Førde med flyttelasset til eldstejenta, og då var eg såvidt innom eit par butikkar òg. På "ting" kjøpte vi silikonformer til baking, og i dag hadde Kristina så lyst til å prøve dette. Så eg miksa i hop ei deig med både grovt og fint mjøl, samt brødkrydder frå Devika.



Jentene likar godt å bake, så det var ikkje lenge gjort å fylle desse formene. Men etter steiking og heving var det ikkje så lett å sjå at det var hjertebollar, med mindre vi snudde dei opp ned. Så då er litt av morgondagens lunsj ordna!

mandag 16. august 2010

Labbar

Då var "hytte-spøtet" mitt ferdig, syns eg har halde på med desse sokkane i fleire månader... Kanskje sidan eg strikka eit nesten likt par før dette. Har iallefall lært at eg ikkje skal kjøpe tråd til fleire like sokkepar meir, variasjon er tingen.




Sokkane er strikka i Jarbo mellanraggi, på pinne nr 3. Heilt vanlege raggsokkar. (Klarar eigentleg ikkje noko anna...) Midt inne i nøstet var det ein knute, noko som gjorde at sokkane ikkje fekk like striper. Men det får våge seg.

lørdag 7. august 2010

Pulsvarmarar til halsen

Så fekk eg meg ei kveldsøkt med spøtet i dag òg. Etter litt kvalitetstid med spøt, TV og PC vart det pulsvarmarar til halsen som eg strikka for nokre dagar sidan. Eit sett i svært enkel strikketeknikk, men varmt og godt når vinteren kjem.


onsdag 4. august 2010

Lillestakken

Her kjem eit av produkta av mine siste garnkjøp. Dette er Sandnes Mini-alpakka, mjukt og godt å strikke med.

Denne kjolen er etter mønsteret Lillestakken i boka Myk start av May B. Langhelle. Det var ikkje dette garnet som stod i oppskrifta, men strikkefastheita skulle vere omlag den same. Men eg synest likevel kjolen vart litt liten, oppskrifta var 9-12 mnd, men denne verkar mindre.



Her er kjolen framleis ikkje lagt i press.





Kjekt å strikke babykle, sjølv om eg for tida ikkje har nokon spesielle å strikke til. Så kjolen vert lagt i "varelageret" så lenge.

tirsdag 3. august 2010

Hals

Eg treng innimellom nokre enkle kjappe prosjekt. Så etter litt inspirasjon på nettet, har eg strikka denne halsen i Viking Balder. Mjukt, deilig garn som går fort å strikke med. Bileta får tale for seg. Planen er å strikke nokre pulsvarmarar òg, men så langt er eg ikkje komen endå.





søndag 1. august 2010

Babyteppe endeleg ferdig!

Endeleg vart dette prosjektet ferdig, det har teke ei stund. Her har det gått med 6 (+ litt til) buntar Babymerino frå Nille, strikka på pinne nr 6. Teppet er eit "Mor Signes babyteppe", strikka diagonalt. Eg har hekla einn kant rundt etterpå.



Dette går i messe- /gåvekassa. Kan vere kjekt å ha om ein skulle trenge ein sengjamat ein gong.

Garnhandel i Kalvåg

Vi har altså vore på helgatur til Kalvåg, og der er ein butikk med mykje kjekt. "Røysa spøt og tråd" trur eg butikken heitte. Måtte no sjølvsagt handle litt der, sjølv om eg ikkje er heilt lens for garn for tida. På nabobutikken selde dei villsaugarn, handfarga, dyrt og eksklusivt. Måtte prøve dette òg, det er dei hespene utan mageband. I tillegg kjøpte vi med oss krydder til kryddersmør, det får vi prøve å lage ein dag.



Som de ser er eg i det lilla hjørnet for tida, det fins so mange fine lillafargar...