søndag 30. januar 2011

Selbuvottar

Har for tida litt dilla på vottar, og har tidlegare strikka nokre barnevottar. No var det tid for å få litt vaksenvottar i lageret. Sidan eg syns dei fine selbuvottane på pinne nr 2 er litt tålmodigheitskrevjande, var eg no ute etter noko kjappare i litt tjukkare garn.
Desse er strikka etter oppskrift 9, barnevott i heftet Selbustrikk frå Raumagarn. Men med tjukkare garn og pinnar vart dei i damestørrelse. Pinne nr 3 og 3,5 i Safirgarn. Garnkostnad 20-30 kr.
Desse grå vottane er strikka etter mønster frå Sandnesgarn sitt hefte Klassikere tema 15. Safirgarn, pinne nr 3 og 3,5. Dei er i ein nokså stor herrestørrelse.




Ha ein fin søndag!



mandag 24. januar 2011

Lettstrikka huer

I dag kan eg vise fram eit par nye huer. Den brune er frå ei oppgåve i Lille Rosins hobbykalender for januar. Grei hue, men eg forstod ikkje heilt framgangsmåten for brotet på hua, så den blei nok ikkje heilt etter mønsteret. Strikka i gullgarn på pinne nr 6 og 7. Det er ei vaksenhue, men i mangel på vaksne modellar, måtte vesle Kristina trå til.
Den kvite hua er litt samme type, men meir inspirert av ei hue eg såg på ei lita jente på butikken. Vrangbord, holrad med sløyfeband i, og elles samme strikk som på den brune hua. (1 omg rett, neste omgang 1 vr og 1 rett ned i forrige maske).
Kvit hue er strikka i Alfa glitter, på pinne nr 6.

søndag 23. januar 2011

Labbar og litt til

Lenge mellom innlegga her på bloggen for tida, det skuldast vel mest langtidsprosjekt som ikkje blir ferdige...
Men som innimellomprosjekt i det siste har eg hatt desse labbane, strikka i garn frå villsau. Dyrt og eksklusivt med andre ord. Hadde berre to buntar og var redd for å få for lite garn, så brotet vart i kortaste laget. Lyt til å lære meg tå-opp-sokkar, skjønnar eg.

Ja ja, litt garn vart det igjen. Får sjå om det rekk til noko, kanskje nokre striper i eit anna prosjekt?
Og om nokon skulle lure på korleis det går med Vossa-koftene til to av jentene mine, kan eg røpe at eg er komt så langt: Halvveis!
Eg lovar fleire bilder når eg er heilt ferdig.

Hadde faktisk gløymt kor mykje arbeid det er med montering av jakker, no hugsar eg kvifor eg eigentleg svergar til raglan- og rundfellingsgensarar...

mandag 10. januar 2011

Stjernehals, strikkepinneetui, m.m.

Må innom for å blogge om dei siste dagars arbeid på hobby-fronten.
Endeleg har eg fått ferdig denne stjernehalsen som er strikka på bestilling til ei frøken. Strikka på pinne nr 3,5, i garnet Lerke.


Så har eg endeleg fått sydd meg eit strikkepinneetui, det har eg tenkt på lenge. Eg brukte denne framgangsmåten. I utgangspunktet gjekk det greit, men eg kunne tenkt meg eit noko stivare resultat, syns heile mappa var litt mjuk og "lafsete". Mulig eg skal prøve med eit kraftigare stoff neste gong, evt. ha i eit lag stiv vliselin.


Neste prosjekt ser de her, det skal bli jakker til tvillingane, i vossamønsteret. Fann denne kofta i eit av Dalegarn sine hefter på nettet. Eg såg for meg antrekk til konfirmasjon og 17. mai, så då var det berre å skaffe mønster og garn og setje igong. Om eg skal seie det sjølv, ser det så langt ganske bra ut, men eg har ein del arbeid framfor meg før eg er ferdig.




Ha ein fin dag!

torsdag 6. januar 2011

Vottedilla...

I det siste har det blitt ein del vottar. Fint småarbeid som blir fort ferdig, slikt likar vi. Her er nokre eg har strikka i jula og no i veka.
Lilla tovavottar i Naturgarn frå Sparkjøp
Raude Selbuvottar i Østlandsgarn og Safir, mønster i "Selbustrikk" (Rauma.)
Blå barnevottar i Rubin, Oppskrift i Sandnes, Til fjells

tirsdag 4. januar 2011

Godt nyttår!

Sidan dette er det fyrste innlegget i år, vil eg nytte høvet til å ynskje lesarar eit godt nytt år!

Eg har starta dette året med å prøve å vere litt meir aktiv på hobbyboden Der er det i løpet av året diverse alongar, dvs folk som strikkar omlag det same, evt at ein får stikkord til kva ein skal lage. I år tenkte eg eg skulle prøve å henge med på "Nøstebarn-alongen", "Eit år i fargar" og "Strikk til barn 0-10 år". I farge-alongen var månadens farge grøn, og i Strikk til Barn-alongen var stikkordet tilbehør. Eg har difor strikka desse grøne Selbuvottane til barn - eit kjekt lite strikk som vart bra fort ferdig.



Mønsteret er å finne i heftet "Selbustrikk" frå Rauma ullvarefabrikk, men i stadenfor originalgarnet brukte eg Rubin, og pinnar nr 3. Vottane er difor litt større enn dei var oppgitt å vere, nemleg 5-7 år. Tippar desse passar betre til ein 8-10-åring.