torsdag 27. desember 2012

Julegåve

Romjula er vel hobbybloggarane si tid for å vise fram ting dei har gjeve vekk til jul. I år har eg ikkje laga mange julegåver, men til den minste i slekta har eg sydd eit sett. 
Ho fekk body i Gekko-blomster, og tilhøyrande bukse i chenille frå Stoff og stil. Str 86. 




 I tillegg har eg sydd noko småtteri på bestilling, som skulle vere gåver. 

Eit skjørt i str 7 år, frå boka "Barn igjen". 

Eg sydde som tilegare nemnt i bloggen, to skjørt, men ho som skulle ha det valgte altså det med lilla kantar. Alle stoff frå Stoff og stil.


Desse siklesmekkene vart òg sydde på bestilling før jul, dei er med plastbelagt frotte inni, slik at ikkje væta skal gå igjennom. 
Blomster og sommarfuglar frå Gekko, ugler frå Kreativ. (Trur eg det var). 


***

Elles går jula med til kos med familien. I går var vi 22 stk til middag, og i kveld vert det minst like mange til kveldsmat. Fullt hus, litt trangt, men koseleg :-)

Ha ei fortsatt god jul!

***

mandag 24. desember 2012

God jul!

God jul til alle blogglesarar!



søndag 16. desember 2012

Siste sydde ting før jul (trur eg...)

I forbindelse med nokre bestillingar har eg site littegrann ved maskinene dei siste dagane, men no vert det ikkje meir før jul.

Dette skjørtet sydde eg fordi eg muligens skulle selge det, men så valde vedkomande eit anna i stadenfor. Dermed går dette inn i Epla-butikken min.
Mønster frå boka "Barn igjen", str 7 år. Babycord og vevd bomull. 



Ein buff som skal matche eit panneband som eg selde på ei messe tidlegare. Monstertruckar utanpå og svart fleecestoff inni. 



***
Så gjenstår det ei arbeidsveke før vi tek juleferie. Her gjenstår det ein god del juleførebuingar, men vi satsar på å kome i mål i år òg. Kakemannane kom i boks i dag, hos oss er det den viktigaste kakesorten. Desse tre baka mange brett åleine, så då var det for foreldra å passe steikinga. 



*****

søndag 9. desember 2012

Epla-butikken er opna igjen!

Og no sit eg og legg til nye ting. Her er ting som kjem i løpet av kvelden, i tillegg har eg fleire huer og eit par legoposar som ventar på å bli teke bilete av. Følg med!


torsdag 6. desember 2012

Endå ei messe...

Til helga er det julemesse på andre sida av fjorden, og sidan eg var der i fjor, fekk eg spørsmål om å stille i år òg. Sidan lageret er bra stort, ser eg ikkje noko i vegen for at eg kan få vekk litt meir, så no driv eg og sorterar og tel opp det eg skal ha med.

Det blir 19 bodyar, 50 huer, halsar og buffar, ei god mengd med siklesmekker, tøyposar og eit par legoposar. Og sikkert litt til...


Nokre ullbodyar og trøyer er òg komne opp i kassene. 


Så då er det berre å stille på i Haugtun på søndag kl 14.

***********


lørdag 1. desember 2012

Marknad i morgon


Då har eg fått på plass varene mine til messa i Runnevang i morgon. Velkomne til å sjå og handle!