søndag 28. juli 2013

Bukser i dag

Når eg er ute og sel tinga mine, får eg ofte spørsmål om ting som passar saman. Sist eg var ute på marknad, fekk eg tilbakemelding på at eg hadde for lite til gutar. Eg har oppdaga at det er vanskelg å gjere alle til lags, men no har eg iallfall laga 5 bukser til matchande bodyar, og etter mi meining kan dette brukast til begge kjønn. 

Desse er sydde i chenille frå Stoff og Stil, med lommer av bomullsjersey. Litt knall med limefarga ribb, men småttisar kan gjerne ha litt fargerike kle.

Sydde ein body til ei av buksene. Stoffet med katten med støvlene er kjøpt hos Fabelblå. Str 92.



To bukser i babycord frå Stoff og stil, med påsydde lommar. 



Då gjenstår dei siste timane av ferien, jammen gjekk fire veker fort i år og. 

Mykje syarbeid på tampen av ferien

Eg er allereide inne i siste helga av ferien min, og no var det på tide å benke seg med symaskinene igjen. Standplass på Sandanedagane er bestillt i lag med Maren Lovise som bl.a. heklar huer.  så då gjeld det å fylle opp varelageret, og bruke mest mulig av stofflageret. 

I denne omgang har det blitt bodyar og t -skjorter, i ulike størrelser og stoff. Alt er sydd i bomullsjersey. 




Smurfeskjorter





Mange bodyar og t-skjorter, i morgon spørs det om det blir bukser... 


mandag 22. juli 2013

Feriestrikk - Selbuvottar

Eg er no inne i fjerde og siste ferieveka mi for denne gongen. Vi har farta litt rundt, til Sørlandet og til Kalvåg, og vi har prøvd både telt og hotell. Det har vorte nokre lange bilturar, og elles avslapping både ute og inne. Då er det viktig å ha strikketøy med seg, og helst ikkje altfor avansert. Litt mønsterstrikk blei det likevel, og med mønsterarket festa i luka til hanskerommet i bilen gjekk det strålande. 

Tre par Selbuvottar er det blitt, etter eit mønster eg fann på nettet for fleire år sidan. Det svarte paret er strikka i Østlandsgarn frå Nille, dei to para i lilla er i Pt2. 




På husfliden på Hemsedal kjøpte eg to lilla og eitt kvitt nøste med Pt2. Lurer jammen på om eg kan få eit lite vottepar av det som er igjen etter å ha strikka to vaksenpar? Mykje garn i kvart nøste var det iallfall. 



Det vart no besøkt nokre hobbybutikkar på turane, og nokre stoffbitar og garnnøste vart med heim. Det meste blir nok plassert i lageret inntil vidare, så får vi sjå kva eg kan få til etterkvart. 

For tida er det endeleg skikkeleg sommar her, til og med utan nordavind. Så desse dagane skal nytast i fulle drag, og etterkvart vert det nok og litt hytteliv. 

torsdag 11. juli 2013

Halsar og huer

For lenge sidan fekk eg bestilling på hals og hue. Diverre var eg tom for stoffet som var ynskt, men eg hadde litt forskjellig anna liggande. Så eg sydde tre sett, slik at det skulle vere litt å velge i. Stoffa er frå Textart, Gekko og Stoff og stil. Den kvite halsen er fora med meriniull, dei andre med fleece. 

Kunden valde settet til venstre, det trur eg jammen eg ville gjort og. Glade fargar som passar til både rosa, raud, lilla og fleire andre fargar.  

tirsdag 9. juli 2013

Test av mobilblogging

Labbespøt

Endeleg er det ferietid, og lange late dagar. Til no har jentene, mor mi og eg vore nokre dagar i Bergen hos eldstejenta, elles har det vore litt hytteliv. 

På hobbyfronten har det gått i labbar, to par som eg har hatt på hytta er fullførte, og så held eg på med det tredje og det fjerde (som ligg igjen på hytta). Når det gjeld sying går det trått, eg begynte på nokre bodyar for ei stund sidan, men covermaskina kranglar, eg vert muggen, og så vert det ikkje noko meir. Får sjå om eg gidd å ta opp kampen igjen etterkvart.


Herrelabbar under produksjon.

Barnelabbar av restegarn

Damelabbar, Jarbo mellanraggi