fredag 17. februar 2012

Smokkesnorer

I går hadde eg meg ei kveldsøkt ved symaskina. Visste ikkje heilt kva eg skulle lage, men noko småtteri passa fint, så då blei det nokre smokkesnorer.



Dette er diverse dekorband som eg har lagt uttapå skråband. Trykknappar i endane slik at klypa og silikonringen kan takast av og snora kan få seg ein vask.






Dei som kjenner meg veit at eg ikkje har behov for 14 smokkesnorer sjølv. Desse er difor til sals, kr 60 for ei og 100,- for to.


Etterkvart havnar dei nok på ei messe ein eller annan plass.






mandag 13. februar 2012

Vottar og hals

Då har eg endeleg fått strikka eit par tomlar og festa nokre endar på eit par prosjekt som har lege nesten ferdige ei god stund.




Eit par selbuvottar i str 7-9 år, strikka etter ei Rauma-oppskrift.







Ein mjuk hals i Kitten mohair, snurra to gonger rundt.




Ha ein fin kveld!

tirsdag 7. februar 2012

Litt babykle

Har ikkje sydd så mykje i det siste, det har vore mykje anna å ta seg til. Men i dag fyrte eg i ovnen på loftet og prioriterte syarbeid framfor andre ting som også burde vore gjort.



Fyrst laga eg ei bukse som skulle matche desse bodyane som eg har sydd før. Buksa er laga av eige mønster, ca str 80. Sydd i babycord frå SS, ribb frå SS og rest av eit uglestoff frå ein eller anna dansk nettbutikk.



Eg har òg prøvd meg på Jubels knytebukse frå boka "Made by me." Sjølve buksa vart grei, men eg er endå ikkje fortruleg med dette med kanteband, og her var det endåtil knyteband. Ikkje perfekt, men det er no heimelaga på hobbybasis...



Stoffet er chenille frå Stoff og stil, og ribb frå samme butikk.



For nokre dagar (eller var det veker...?) sidan sydde eg denne bodyen etter mønster frå siste Ottobre. Str 62, stoff frå Myllymuksut, ribb frå SS. Planlegg ei tilhøyrande hue og bukse til denne, så er det mulig den endar som gåve.








Ein pysj etter mønster frå same Ottobre, dvs med litt endringar. Her vart det ein del kluss med kanteband og trykknappar, ikkje alltid like beint alle plassar, alt etter korleis ein strekkjer ribben medan ein syr. Var nær ved å hive heile prosjektet i boss, men klarte no so vidt å berge det. Men denne går under kategorien feilvare...


Stoff frå Tiljamiid.





søndag 5. februar 2012

Bursdagsjenter

Småjentene mine har fyllt 6 år, tenk at tida har gått så fort. Syns ikkje det er lenge sidan eg gjekk med den svære magen med to stk inni...


Desse kjolane sydde eg i januar, med tanke på karneval som skal vere no i denne månaden. Men kjolane er blitt dei nye favorittane, så dei har allereide vore flittig brukt både her heime og i selskap. Tilhøyrande kroner har dei òg, men Nora fann ikkje att si nett no.


Paljettstoff, taft og tyll frå Stoff og stil, sølvstoff og sølvtyll frå den lokale sybutikken. Mest mulig rosa/lilla og glitrande saker. Enkelt mønster som eg har laga sjølv.

onsdag 25. januar 2012

Bursdagsgåve til fadderbarnet mitt

Sist helg fyllte niesa/fadderbarnet vårt 5 år. Til henne hadde eg laga dette antrekket, trøye med fiolar og "redesign" dongeribukse med lommar og ribb i livet. Eit matchande panneband vart det òg. Kristina er modell, sidan mottakaren er omtrent akkurat like stor.









Slike kroner har eg sydd nokre av i det siste, både til mine eigne jenter og til barnehagen eg jobbar i. Bursdagsbarnet måtte òg få ei slik ei, kanskje ho kan kome til nytte no når det snart er karnevalstid. Rosa paljettstoff på eine sida og gullstoff på andre sida, kan snuast etter behov.











mandag 16. januar 2012

Nytt vottepar...



...desse er til småbarn. Størrelse 3-5 år, frå heftet nedanfor.











lørdag 14. januar 2012

Vottar og hals

Eitt vottepar til i mønster frå Rauma, det tredje paret på rad i samme mønster. Vurderer no å finne eit anna mønster, men litt greitt når ein kan det nesten utenat då, går kjappare enn om ein skal sitje å glo ned på diagrammet heile tida.





Under orkanen Dagmar hadde eg denne halsen som strikketøy, enkelt strikk som ikkje krevde så mykje lys. Etter at lyset kom tilbake har eg prioritert andre ting, men eg likar ikkje å ha for mykje påbegynte ting liggande, så då mått eg ta meg saman å få denne ferdig. (Ein smule kjedeleg arbeid...?)





La opp 164 masker med Kitten mohair på pinne nr 7, 2 rette og 2 vrange til nøstet var oppbrukt. Mulig halsen kunne vore vidare, kanskje eg burde hatt nokre fleire masker. Den er snurra to gonger rundt halsen. Mjuk og god, iallefall.



God helg!