søndag 29. desember 2013

Julespøt

Det er lenge mellom blogginnlegga no for tida, bloggen er diverre ikkje så høgt prioritert når ein har mykje anna kjekt å gjere på. 
I desember var eg på tre marknader/messer, og det var igrunn ganske kjekt. I tillegg vart det litt småbestillingar, så julemånaden vart igrunn litt hektisk på syfronten.
No i romjula har det vore mykje avslapping, og då er det strikketøy som eignar seg best, helst noko enkelt. Dermed har det blitt tre par labbar i tjukt godt Viking-garn. Og sokkegarnlageret er blitt tre nøste mindre. (Det har eit merkeleg lag til å stadig auke, sidan det som regel er labbegarn eg endar med når eg går innom ein garnbutikk utan mål og meining...) 


No er vi ferdige med dei "obligatoriske" julearrangementa, så no håpar eg på ein hyttetur med overnatting. Veiret her har vore litt kjedeleg i jula, men vi kan håpe på litt meir uteveir i dagane som kjem. 

Ha ei fortsatt fin jul!

søndag 17. november 2013

Fleire ullplagg

No har eg sydd opp det eg hadde av desse ullstoffa i skuffa mi, men eit par meter til er på veg.

Her er heildress str 86, trøye str 4 år, body str 92, body str 86, og heildrakta i str 80 frå forrige innlegg. Stoffa til venstre har mønster i ein veldig mørk lillafarge.


Her er heildrakt i str 68 og body i str 80 med brune stjerner. Med grøne stjerner er det body i str 62, samt heildrakt og body, begge i str 74. Og eg ventar på grøne KAM-knappar. 


torsdag 14. november 2013

Heildrakt i merinoull


Str 80. Mjuk og god kvalitetsull frå den finske nettbutikken Myllymuksut.fi.



3 meter mindre i stofflageret

Dette stoffet har eg likt veldig godt, men ikkje komt meg til å bruke før no. Eg hadde nok 2 meter av det blomstrete, og ein av det prikkete stoffet. I dag er dette blitt til tre kjolar i str 92, 104 og 128. I tillegg vart det ein genser til ei av buksene i forrige innlegg. Og då er det berre smålappar igjen. 






mandag 11. november 2013

Lenge sidan sist...



Det blir visst sjeldnare og sjeldnare mellom innlegga på bloggen her. No i haust har det vorte lite handarbeid, og det vesle eg har laga er nok blitt dårleg dokumentert. 
Her om dagen gjekk det opp for meg at det er under tre veker att til eg skal på messe og selge. Sjølv om eg har eit bra lager, likar eg å ha med meg litt nytt når eg reiser ut med tinga mine. Så difor må ledig tid prioriterast til hobby. Eg har allereide hatt meg nokre økter, og kan no vise fram litt smakebitar. 


Ei bestilling på bukse og genser, str 6 år



Kjolar i eit ullstoff som eg kjøpte i Krakow i fjor. Noko eg er litt usikker på, sidan eg ikkje har fått testa kvaliteten på stoffet. Men det kjennest bra ut. 

Kjole i ullfilt frå S&S. 

Her er det jentene mine som har fått seg kjolar. Må teste ut litt nye mønster, og då er det greitt å ha dei som prøvedukker. 


Babyhuer i merinoull frå Myllymuksut.



Bukse i babycord. Her planlegg eg genser til, men så langt er eg ikkje komt endå....



onsdag 11. september 2013

Barselsgåve

Eg har sydd ei barselsgåve til ein liten kar som kom til verda for eit par veker sidan. Heldigvis fekk eg tak i meir av dette fine hjortestoffet, det passar godt i eit hjortedistrikt som her. Bodymønster frå "Heilt Spesiell", og bukse av eige mønster. Stoff frå Textart og Stoff og Stil. 





tirsdag 10. september 2013

Labbar i Sterk

Mjuke, gode labbar til kalde haust- og vinterdagar. Strikka i garnet Sterk frå Du store alpakka.

lørdag 31. august 2013

Oppdatert Epla-butikk

Då er eg endeleg i mål med å legge inn varer i epla-butikken min. Så no er alt eg har "på lager" å finne her. Velkomne innom!



onsdag 28. august 2013

Hekla hue

Ei hekla hue i bursdagsgåve til svigerinna mi. Hekla i Puma, mjuk og god.


Ops...her hamna visst biletet på skeiva, men eg får ikkje til å ordne det...Sånn går det når eg eksperimenterer med mobilblogging. 

torsdag 22. august 2013

Epla-butikken er oppdatert

Etter Sandanedagane vart det behov for ein grundig gjennomgang av Epla-butikken min. Ein del varer var vekke, og noko nytt er kome til. Tinga på biletet nedanfor er lagt inn i butikken i dag, og i løpet av nokre dagar kjem det meir. Har m.a ein del nye bodyar og huer som skal leggast inn. Så følg med om du er interessert!

Butikken finn de her. 


lørdag 17. august 2013

lørdag 10. august 2013

Hjortestoff


For nokre dagar sidan dumpa det ned nokre meter hjortestoff i postkassa mi. Pakken kom frå Textart. I går og i dag har dette blitt til 6 bodyar i 6 ulike størrelsar,  og ei t-skjorte. Eg har framleis litt igjen, og planlegg huer, halsar og panneband av det, og muligens nokre siklesmekker om det blir noko igjen. Dette stoffet likte eg veldig godt, og no når hjortejakta nærmar seg, bør det  no slå an. 


Hjortane og kantebanda er brune. Knappar frå Lykkedragen. 


T-skjorter med hjortar i str 6 år, T-skjorte med bondegardsmotiv i str 4 år. 





torsdag 8. august 2013

Diverse til marknad

No er det berre ei veke igjen til Sandanedagane, og då skal vi ha stand. "Vi" er Maren Lovise og eg, så det blir forhåpentlegvis ei variert bod, med hekla, strikka og sydde ting. 

For tida syr eg så mykje eg får tid til, og prøver å bruke opp ein del av stoff eg har hatt liggande ei stund. 
Her vart det nokre fargerike, lause ledige bukser til småbarn. Litt ulike storleikar frå 1-2 år og opp til ca 4 år.  


Dette stoffet har eg hatt fleire meter av, både raudt og marineblått. Hadde opprinneleg ein plan med stoffet, men fann ut at det ikkje eigna seg likevel. Når eg for nokre dagar sidan kom over eit mønster/saumbeskrivelse på eit forkle, fekk eg lyst til å prøve dette. Sidan eg hadde mykje stoff vart det òg mange forkle, heile 15 stk.  Dei er i to ulike storleikar, der den største passar til mine 7-åringar. Det er strikk i "halsreima", og borrelås på bandet som er rundt livet. 
Ideen fann eg her. 


Det vert som oftast sydd av strech-stoff for tida, men skuffene mine inneheld ein del stumme stoff òg. For å få brukt opp litt restar, har eg sydd desse singoallakjolane i str 2, 2 og 7 år. Mønster frå boka "Barn igjen". 


lørdag 3. august 2013

Litt forskjellig

Fyrst kan eg vise fram denne space invader- hua som eg endeleg har somla meg til å sy lapp i. 

I dag har eg prøvd å få bruke litt av stofflageret frå skuffene mine. Stumme stoff brukar eg lite av for tida, men greitt å få litt ut av skuffene iblant. 

Denne buksa er med soppmotiv i vevd bomull, med ribb i livet og nederst på beina. Mønsteret har eg teikna sjølv, det er ei enkel bukse utan sidesaum. Difor heller ingen lommar. Størrelsen er ca 1-2 år.


To stk sukkersøte singoallakjolar, str 4 og 6 år. Mønster frå boka " barn igjen".


Eg bloggar frå IPad, difor noko grumsete bilete. Men mindre styr enn å dra fram kameraet og PCen. 

søndag 28. juli 2013

Bukser i dag

Når eg er ute og sel tinga mine, får eg ofte spørsmål om ting som passar saman. Sist eg var ute på marknad, fekk eg tilbakemelding på at eg hadde for lite til gutar. Eg har oppdaga at det er vanskelg å gjere alle til lags, men no har eg iallfall laga 5 bukser til matchande bodyar, og etter mi meining kan dette brukast til begge kjønn. 

Desse er sydde i chenille frå Stoff og Stil, med lommer av bomullsjersey. Litt knall med limefarga ribb, men småttisar kan gjerne ha litt fargerike kle.

Sydde ein body til ei av buksene. Stoffet med katten med støvlene er kjøpt hos Fabelblå. Str 92.



To bukser i babycord frå Stoff og stil, med påsydde lommar. 



Då gjenstår dei siste timane av ferien, jammen gjekk fire veker fort i år og. 

Mykje syarbeid på tampen av ferien

Eg er allereide inne i siste helga av ferien min, og no var det på tide å benke seg med symaskinene igjen. Standplass på Sandanedagane er bestillt i lag med Maren Lovise som bl.a. heklar huer.  så då gjeld det å fylle opp varelageret, og bruke mest mulig av stofflageret. 

I denne omgang har det blitt bodyar og t -skjorter, i ulike størrelser og stoff. Alt er sydd i bomullsjersey. 




Smurfeskjorter





Mange bodyar og t-skjorter, i morgon spørs det om det blir bukser... 


mandag 22. juli 2013

Feriestrikk - Selbuvottar

Eg er no inne i fjerde og siste ferieveka mi for denne gongen. Vi har farta litt rundt, til Sørlandet og til Kalvåg, og vi har prøvd både telt og hotell. Det har vorte nokre lange bilturar, og elles avslapping både ute og inne. Då er det viktig å ha strikketøy med seg, og helst ikkje altfor avansert. Litt mønsterstrikk blei det likevel, og med mønsterarket festa i luka til hanskerommet i bilen gjekk det strålande. 

Tre par Selbuvottar er det blitt, etter eit mønster eg fann på nettet for fleire år sidan. Det svarte paret er strikka i Østlandsgarn frå Nille, dei to para i lilla er i Pt2. 




På husfliden på Hemsedal kjøpte eg to lilla og eitt kvitt nøste med Pt2. Lurer jammen på om eg kan få eit lite vottepar av det som er igjen etter å ha strikka to vaksenpar? Mykje garn i kvart nøste var det iallfall. 



Det vart no besøkt nokre hobbybutikkar på turane, og nokre stoffbitar og garnnøste vart med heim. Det meste blir nok plassert i lageret inntil vidare, så får vi sjå kva eg kan få til etterkvart. 

For tida er det endeleg skikkeleg sommar her, til og med utan nordavind. Så desse dagane skal nytast i fulle drag, og etterkvart vert det nok og litt hytteliv. 

torsdag 11. juli 2013

Halsar og huer

For lenge sidan fekk eg bestilling på hals og hue. Diverre var eg tom for stoffet som var ynskt, men eg hadde litt forskjellig anna liggande. Så eg sydde tre sett, slik at det skulle vere litt å velge i. Stoffa er frå Textart, Gekko og Stoff og stil. Den kvite halsen er fora med meriniull, dei andre med fleece. 

Kunden valde settet til venstre, det trur eg jammen eg ville gjort og. Glade fargar som passar til både rosa, raud, lilla og fleire andre fargar.  

tirsdag 9. juli 2013