Eg har den siste tida hatt veldig lyst til å begynne å sy igjen, men sidan symaskina mi har vore defekt, har ho ikkje vore framme på fleire år. Eg var dessutan ikkje heilt tilfreds med den maskina, og eg har forstått det slik at det er kome mykje nytt på symaskin-fronten sidan eg kjøpte Singeren min i 1991.
Så etter å ha forska litt på nettet, og blitt overtala av ei symaskin-selgar, har eg no gått til innkjøp av denne:

Har lyst til å ha litt muligheiter, både til å sy diverse kle og kanskje litt lappeteknikk viss eg finn ut det. Samstundes må maskina vere enkel å betjene og ikkje altfor stiv i pris.
Fyrste prosjekt på den nye maskina var denne veska/baggen. Materiale og mønster vart kjøpt inn for over eit år sidan, då eg var med
Eling på
Kathrines quiltestue
.

Hadde ikkje kjøpt inn vliseline, og ser nok at eg skulle brukt det for å få eit stivare mageband på denne veska. Men når eg fyrst er i gong, har eg ikkje tolmod til å vente til eg evt. får kjøpt det dagen etterpå...
Ikkje heilt perfekt resultat, men denne skal eg jammen ha sjølv, så då får den berre vere slik den er.

Mønsteret er
dette. .