Litt lenge mellom kvart innlegg her, men eg får ta ei oppdatering i dag.
Fyrst kan eg omsider vise fram denne nøstebarntrøya, strikka den ved juletider, og har endeleg fått overrakt den i gåve no. Håpar tantebarnet mitt som går i utebarnehage held seg god og varm i den.
Trøya er strikka etter oppskrift #1905, men med lange ermer i staden for dei korte som var i oppskrifta. Garnet er 2-tråds Askeladen merinoull/nøstebarngarn.
Innimellom er det blitt nokre sokkepar.
Desse barnesokkane er i restegarn, Fabel og Senjagarn.
Mannen har fått seg eit par lange og smale (etter ynskje) raggsokkar i Jarbo raggi-garn.
Tjukke og gode.
For tida har eg to prosjekt på gang, ein nøstebarntunika til ei av jentene. Tålmodigheitsprøve med tynt garn.


Elles er eg i ferd med å redusere mengda av restegarn i lageret. Har ein god del påbegynte nøste av Rubin, Smart, Safirgarn, Østlandsgarn og slikt. Eg sette jentungane til med nøstemaskina for å få laga små fine nøster, ei oppgåve dei krangla om å få gjere...


Så no skal det bli lappeteppe her. Planen er å få brukt opp alle smårestar, i tillegg har eg kjøpt inn koksgrått garn til å ha ytterst på rutene, slik at det blir ein heilskap i teppet.
Rutene er 15x15 cm store, så eg har rekna ut at eg treng 120 ruter for å få eit teppe på 150x180 cm. Er vel komt opp i ca 35 ruter no, så eg har no ein del igjen før eg er ferdig...
Mandagen er min fridag, litt husarbeid og litt hobbytid, så no skal eg ta eit par striper på tunikaen før eg gjer noko meir. Ha ein fin dag!