søndag 16. september 2012

Svarar det seg å sy sjølv?

I dette tilfellet trur eg det ja. Var litt rundt i butikkar i går, jentene er i ferd med å vekse ut av/slite ut ullkleda sine. Ei ulltrøye kostar glatt 300 kroner, og for oss som er så heldige å ha nokre barn, vert det litt utlegg når alle skal ha nytt.
 
Eg har ei stund hatt liggande ein snau meter med deilig merinoulltrikot frå Myllymuksut, og ei lita tilhøyrande stripe ullinterlock einsfarga raud. Av dette har eg i dag sydd to trøyer i ca 6-års størrelse. Når eg handlar frå denne nettbutikken, held eg meg alltid under 200-kroners grensa, så piggsvinstoffet kosta i underkant av 200, og interlocken bestillte eg i lag med noko anna, så eg tippar ca ein 50-lapp.
 
Så 2 ulltrøyer for 250 kr, då svarar det seg vel? (Med i rekneskapet er dog ikkje frakt, tråd, nåler, timelønn og ikkje minst dei to ulike maskinene eg brukte for å få dette til....) Nesten så eg må skaffe meir av dette stoffet, for dette var eg ganske fornøgd med :-)
 
 
To storfornøgde jenter med kløfrie ulltrøyer - denne ulla verkar veldig mjuk og god, håpar verkeleg den held seg like fin ei god stund.

 
 
Tannfeen har forresten hatt ei travel tid her i det siste, og meir blir det vel. 


onsdag 12. september 2012

Skulejentene mine med nye huer

Etter å ha stått i lag med ein superheklar i 3 dagar i august, fekk eg lyst til å prøve om eg klarte å hekle huer òg. Fann fram noko Gullgarn frå skuffene mine - dette er vel 50% ull og 50% acryl. Sjølv om eg ikkje likar acryl så er det iallefall litt mjukt, og klør lite for sensitive prinsesser.  


Så i går blei det nye huer på skulen. Vel mykje blomster på kanskje? Det har dei valt sjølve, både fargar/fargesamansetning og antal. Og viss nokon tykkjer det er ille med tjukke hekla huer i fyrste halvdel av september, kan eg no nemne at snøen allereide er kropen godt ned i fjella her. Huff.  




Ha ein fin dag!

tirsdag 11. september 2012

Oppdatert Epla-butikk

Etter sist messe har eg oppdatert og lagt til mange nye ting i Epla-butikken min, Heimespøta. Blant anna sit eg med 7 ganske fine legoposar som kan vere kjekke gåver til jul.

Velkomen innom for å sjå!

http://epla.no/shops/heimespota/

PS. Om nokon bur i nærleiken av meg og vil bestille, ta direkte kontakt, så ordnar vi det utan porto og avgifter elles.

Frå boda vår på Sandane-dagane


Då er det allereide eit par veker sidan Sandane-dagane, og kanskje på tide med eit lite innlegg igjen. Eg delte bod med Maren  som sel hekla huer. Det var tre sosiale og kjekke dagar, og jammen fekk vi selt litt òg. Sjølv hadde eg gløymt å ta med kamera, men har fått låne nokre bilete frå Maren. Ser jammen ut som nokre av bileta var tekne før vi var heilt ferdige og ordne til. 



Her var det litt rot med diverse i korger, vottar, siklesmekker, strikkepinneetui m.m.


 T-skjorter, trøyer m.m.






 Vi var vel einige om at dette var såpass kjekt at vi sannsynlegvis prøve att til neste år. 




torsdag 23. august 2012

Straks klar

Vil du sjå ting eg har laga? Kom gjerne innom boda vår på Sandane-dagane, vi startar opp i morgon tidleg når vi er klare.  

Dei siste dagane har eg sortert og pakka tinga eg skal ha med meg, så no gjeld det å få utstillinga til å sjå fin ut. Eg vil jo gjerne selge litt, kan ikkje ha slikt lager her i det vesle huset vårt :-)

Her er stativet med bodyar i litt ulike størrelsar, og så har det vist sneke seg med nokre forklekjolar òg. Eg har i tillegg nokre bukser, mange huer, sikleskjerf, panneband, smokkesnorer m.m. som eg har sydd. I tillegg nokre strikka ting, selbuvottar, klutar, tova tøfler m.m. Dette blir spennandes!



onsdag 8. august 2012

Huer, panneband og smekker

Dei siste dagane har eg laga ein del huer, panneband og siklesmekker for salg. Greit med litt småting som folk kan kjøpe på impuls på messer og slikt. 

Dei lilla og blå blomstrete stoffa er frå Gekko, det svarte frå Stoff og stil. 



Her har eg òg brukt nokre monstertruck-restar frå Sydilla. Trykknappar frå Lykkedragen. 



lørdag 4. august 2012

Legoposar i lange baner

No når det nærmar seg messesalg/Sandanedagane, må eg prøve å finne på noko salgbart. Så då håpar eg desse legoposane slår an. Friske fargar på stoff frå IKEA på yttersida, og einsfarga bomull på innsida. Når ein brettar den ut, vert det eit sirkelforma teppe som ungane kan ha legoen sin på, og når ein er ferdig er det berre å snurpe den igjen som ein pose. Passar nok også fint til smådukker og andre småleikar. 




Dette er stort sett det eg har sydd i ferien, det har vore mykje anna å gjere på. Kjøkenet vårt er omtrent ferdig, vi ventar berre på ei verandadør og nokre veggplater. Elles har vi hatt nokre småturar her i området, og eit par dagar i Bergen. Deilig ferie, sjølv om det har vore ein del jobb her heime. Men måndag er det kvardag igjen - skal bli kjekt det òg.