fredag 15. oktober 2010

Monsterbukse igjen...

Denne buksa vart ferdig strikka i forrige veke, men mangla auge og tenner. Det har den fått no, så då er den klar for julemesse. Størrelsen er ca 1-2 år, garnet heiter Rubin.

torsdag 14. oktober 2010

Kjole til Kristina

Då eg skaffa meg symaskin var noko av vitsen å kunne sy litt kle til ungane mine. Kjolar til dei minste jentene har vore planlagde ei stund, men eg har ikkje fått meg til å klippe i stoffet før i dag.

I dag var det Kristina som fekk seg ullkjole. Den er sydd av ullfilt frå stoff og stil. Mønsteret er enkelt, det har eg teikna sjølv. Kjolen vart litt stor, men jenta vart iallefall veldig glad!

onsdag 13. oktober 2010

Non stop trøye

Etter inspirasjon frå nettet, har eg no strikka denne trøya. Den er strikka ovanfrå og ned, og namnet nonstoptrøye har den fått fordi ein strikkar alt i eitt utan å slite av tråden. Mønsteret ligg gratis på ravelry, her kan ein laste det ned.

Eg strikka str 7-8 år, i babyull, pinne nr 3. Trøya såg heile tida veldig smal og lita ut, medan eg strikka den fekk eg spørsmål om det var dukkekle, eller til og med om det var småfolk på vei... Men ribbstrikken gjer den veldig tøyeleg, og det var ingen problem å få den på Nora på 4 1/2 år. Det kjekke er at Nora har ei tvillingsyster, så no er det berre å legge opp til ei trøye til.

mandag 4. oktober 2010

Monsterbukse nr 3



Dette er den tredje monsterbuksa eg lagar, og denne vart STOR. Ca str 6-8 år. Håpar så store ungar brukar sånne bukser, viss ikkje eg får avsetning på den får eg ta den med som lånebukse i barnehagen. Ein positiv ting var at eg fekk brukt opp nesten all oransje Rubin'en min. Sjølv likar eg oransje, men ungane mine tykkjer visst det er den styggaste fargen.

mandag 27. september 2010

Gode dagar på syrommet

Ja noko avanserte greier kan eg ikkje skryte av, men eg kosar meg no med det eg får til.

Mynt-/sminkepungar vert det garantert fleire av, dette var jo kjekt. Framleis Timotei sin framgangsmåte. Stoff frå Stoff og stil.


















Noko eg har tenkt eg skulle prøve, er å sy handlenett. Dette er sydd etter Annesand si oppskrift. Dette vart imidlertid litt stort, og med litt korte hankar, så neste gong endrar eg littegrann på mønsteret. Stoff frå IKEA.

søndag 26. september 2010

Sminkepung

Eg har no sydd min fyrste sminkepung med utgangspunktet i denne framgangsmåten.Tusen takk til Timotei som har lagt ut trinn for trinn korleis ein skal gjere det.

Her er nok imidlertid forbetringspotensiale, blant anna når det gjeld å sy i glidelås. Denne skal eine jentungen få, ho får heller leve med at det er litt skeivt her og der.



Monsterbukse

No har eg laga ei monsterbukse, ca str 1-3 år. Strikka i Rubin. Tenkte eg skulle strikke nokre slike til julemessa som skal vere i slutten av november. Har ei til på pinnane, men der får eg for lite garn, så den blir ikkje ferdig heilt med ein gong.

Syns buksene er kjekke å strikke, men eg har eit stykke igjen når det gjeld å få fine maskesting. Det var noko herk.