lørdag 24. oktober 2009

På handarbeidssida er eg for tida i modus for raske og lettvinte arbeid. På eit forum eg besøkjer av og til, hobbyboden, er det for tida ein along som heiter "Med ein 50-lapp i lomma". Her er det om å gjere å vere kreative og lage produkt for under 50-lappen. Dette er eg blitt inspirert av, så her går det i småarbeid for tida.

Nedanfor er eit par tøfler laga av i underkant av 3 nøste Cortina, med pinne nr 7. Då eg kjøpte garnet på Sparkjøp, kosta det 12,50 pr nøste, så kostnad på dette vert på ca 37,50. Den lilla hekla kanten var frå ein rest eg hadde, så den vert vel ikkje rekna med.
Her er òg noko som skal bli ei vinveske, strikka i Mor Aase frå Rema 1000, kosta 6 kr, bunten, og her gjekk det litt over eit nøste, så her er det skikkeleg billige garnkostnader.
Bildet er som de ser teke før toving.

Her er vinveska i lag med to andre av same slag, men strikka i Østlandsgarn frå Nille. Dette garnet kostar 12,90 pr nøste, og også her brukte eg litt over eitt nøste på kvar.



Dekoren er henta frå Hanna sitt perleskrin. Har aldri prøvd å strikke med perler før, men det blei no ganske fint, syns eg.



Dotra mi Hanna er for tida isolert pga mistanke om den stygge influensaen. Dei par-tre fyrste dagane var ho ganske sjuk, men no er ho etterkvart betre, og må ha noko å fordrive tida med. På eige initiativ ville ho strikke, og panneband var eit høveleg prosjekt. Eg la opp og fellte av, resten ordna ho sjølv. Pannebandet er i Gullgarn, passeleg tjukt og godt å strikke med for ein nybegynnar. Ho tykte faktisk det var så kjekt at ho no er begynt på eitt til.

Og sidan isolatet skal vare heilt til onsdag, håpar vi på rikeleg strikketid både Hanna og eg =).




3 kommentarer:

Petronella sa...

Ønsker dere god bedring og lykke til med strikkingen. Dere er kjempeflinke :-)

Flittige hender sa...

God bedring, så artig at hun ville strikke litt. Det er jo kjempe gøy å lage egne produkter. Jeg likte godt flaskeholderene dine.
Ønsker deg en fin uke :0)

eling sa...

Skal sei Hanna er flink med strikkepinnane. Det er utruleg jevnt og pent strikka til å være første prosjekt! Fint å ha noko fornuftig å henge fingrane i når ein er i "isolat".

Har lagt ei utfordring til deg i bloggen min :)