tirsdag 31. august 2010

Babyjakke

No har eg strikka denne babyjakka som er ein del av eit hentesett frå Drops design/garnstudio. Oppskrifta ligg her. Pinne nr 2,5, str 6-9 mnd.

Jakka er strikka i Inca alpakkagarn. Det var vanskeleg å få dei rette fargane på bilda, det ser jo ut som den er rosa og oransje, men den er altså raud og oransje.







Har fått meg merkelappar til å sy på det eg strikkar.

8 kommentarer:

Elin sa...

Så koseleg jakke, og namneband! Liknar på jakka eg laga til Aron då han var nyfødd, men det var ei dansk oppskrift. Er du på Ravelry? Der har eg bilete. Elles så er du velkomen til quilteoppstart onsdag kl. 18 (sjå gloppetausene.blogspot.com), om du vil prøve deg på lappeteknikk no du har investert i ny maskin!

Elin sa...

For ordens skuld, det er lov å ha med spøt og sjå det an. Trur kanskje det blir nybyrjarkurs snart. Treng ikkje bli medlem med ein gong om ein er usikker.

Leei sa...

Elin: Tja, høyrest no litt spennandes ut med den quilteklubben, men veit ikkje heilt kor mykje sying det blir framover. Hadde no planlagt litt enkle ting no fyrst, for å komme inn i det igjen. Nokre klesplagg til ungane, kanskje litt vesker og slikt. Veskekurs kunne eg forøvrig vere interessert i, så eg skal no følgje med på bloggen dykkar om der blir nokre interessanne aktivitetar framover. Men hugs, eg er amatør endå;-)

Beate sa...

Flott jakke i flott farge!!

Ramatoa sa...

Så nydelig jakke!
Hvor har du fått tak i de tøffe navnebånda?

Linda sa...

Flott jakke.

Leei sa...

Grethe: http://www.minanamnband.se/index.php

Ramatoa sa...

Takk!