tirsdag 9. november 2010

Helgas produksjon

I helga lot snille mannen min meg reise ein tur på hytta heilt åleine. Då var det ikkje stort anna enn strikking som stod på programmet, og her er det eg fekk laga.

Fjordårets bestseljar på julemesse-standen min var isskrapevottar. Dei 5 eg hadde laga i fjor forsvann ganske raskt, så i år tenkte eg å ha dobbelt så mange. Dei fem fyrste er strikka av Mor Aase-garn. Isskrapene er kjøpte på Rema 1000.



Tova votta har eg fått litt dilla på, det går ganske raskt å lage eit par, og i løpet av helga laga eg to par.
Desse lilla vottane er strikka i Mor Aase garn på pinne nr 5. Størrelsen er ca 10-12 år, kanskje litt større.

Dei grå vottane er strikka i Artic frå Europris. Dei vart ein del tjukkare enn dei lilla vottane, sjølv om dei er tova like mykje.




Så får vi sjå om det er nokon som vil kjøpe tova-vottar på julemesse, viss ikkje vert dei kanskje liggande under eit juletre ein plass.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Skal seie det går unna her... Ei helg åleine på hytta høyrest kjempedeilig ut!

Elin sa...

Eg forstår ikkje korleis du får produsert så masse sjølv om du ikkje gjer anna ei helg... Gledar meg til messa, her var fleire ting eg vil kjøpe!

Ramatoa sa...

Så effektiv og flink du er!
Flotte isskrapevotter og tovede votter!
Skal si du er produktiv.
Her går det veldig smått om dagen.