tirsdag 22. februar 2011

Mi fyrste...

Ved årsskiftet hadde eg nokre nyttårsforsett som gjaldt handarbeid. Eit av dei var at eg skulle lære meg å hekle oldemor-/bestemorruter. Eg syns det er så fantastisk flott med lappeteppe sett saman av slike, og dette må vel eg òg klare?


På ei surferunde tidlegare i dag kom eg over ei oppskrift på Nøstebarn sine sider. Henta dei nærmaste garnrestane og ein heklekrok, ilte inn på Youtube for å sjå kva stavar var for noko, og så var eg i gang. Og her er mi fyrste rute:


Eg er stygt redd for at eg kan få dilla på dette, det var jo moro! (Spør meg igjen når eg har hekla nok til teppet mitt...) Iallefall veit eg no kva eg skal bruke restegarnet mitt på framover...

4 kommentarer:

Sisselshverdag sa...

Gratulerer med din første oldemorrute :D Ja dette er vanedannende;) så greit å ta med bort og flott til alle garn"rester".

Ha en flott tirsdag :D

Anonym sa...

Kjempefin ble den :) fin måte å få brukt opp restene.
Ha en fin dag
/myr

shygirl sa...

Gratulerer med din første bestemorrute, det er utrolig morsomt når man får det til :))
Kjekt å få brukt opp smårester og fint blir det også :)
Ha en fin dag! :)

Tone Helen sa...

Det er veldig kjekt med hekling :-) Eg liker å variere mellom hekling og strikking. Vil du ha mindre prosjekt med bestemor-rutene dine, kan du berre lage ei lang snor med dei og lage fine skjerf! (Gjerne med mykere og tykkere garn) Og veske har eg også laga av dei :-) Mange muligheter :-) Lykke til!