onsdag 25. mai 2011

Rekreasjon

Sist helg var ei skikkeleg ruskeveirshelg, og vi hadde diverse å gjere heime. Men søndag fekk eg meg ein tur opp i dalen, fyrst åleine, sidan kom småjentene. Det er så godt å ha litt tid for seg sjølv, fiske litt, strikke ein god del, og elles slappe av.


Fisk vart det ikkje. Ein lokalkjend kar som har meiningar om alt seier det er for kaldt i vatnet endå. Nysnø i fjella og greier, så han har vel rett.




På strikkefronten fekk eg komt skikkeleg i gong igjen med ein gensar som har lege på vent no medan vi har styrt med konfirmasjon og 17. mai og slikt. Arm nr 2 ferdig og raglanstrikket påbegynt.



Dette skal bli ein rullegensar til Kristina, greit med ullgensar om sommaren òg, viser det seg. Greitt med ein som ikkje er altfor tjukk då.



1 kommentar:

Shy B sa...

Må vere deilig å få litt tid for seg sjølv på hytta. Det har aldri skjedd med meg, alle vil vere med, alltid!
Vel overstått konfirmasjon til deg også :)