mandag 13. juni 2011

Bestemorteppe - endeleg ferdig!!

Då var endeleg dette "storprosjektet" ferdig. Begynte i slutten av februar, og har halde på meir eller mindre jamnt sidan det.




Her er 108 lappar, altså 9 x 12. Kvar lapp er ca 15 cm, så då skulle vel teppet bli ca 180 x 135, i tillegg kjem nokre cm med kant rundt heile teppet.




Materialane er restegarn, mest rubin, safir, østlandgarn, smart og den tjukkelsen. I tillegg måtte eg supplere med koksgrått til hovudfarge. Heklenål nr 3,5.



Lappane er hekla saman med ein metode eg fann på nettet. Veit ikkje om eg er 100% fornøgd med den metoden, det blei liksom litt "brettar" mellom kvar lapp, men det er mulig det rettar seg ut etter litt bruk. Eigentleg hadde eg tenkt å vaske og strekke teppet, men så langt er eg ikkje komt endå.

Kjekt å ha fullført mitt fyrste teppe, dette skal bli deilig å krype under på kjølege haustkveldar...




6 kommentarer:

Marieki sa...

Så nydelig teppe!:D Det blir nok skikkelig godt å ha når høsten kommer med kalde kvelder ja:)

Linda sa...

KJempe fint teppe. Dette kjem nok til å halda deg varm.

sipusa sa...

Gratulerer med ferdig teppe! Kjempefint ble det:-D

Eli Kristin sa...

Fantastisk flott og fargerikt teppe, imponerendes stykke arbeid! Det der kommer garantert til å varme godt til kaldere dager, herlig med egenproduserte saker også :D

En vakker dag... skal jeg også lage mitt første bestemorteppe. Har hatt det på planen lenge, men det er så mye annet som stadig må gjøres, he-he...

God sommer!! :)

HobbyMegHer sa...

Så utrolig flott det ble!!!
Gratulerer med nytt teppe! :D

Tone Helen sa...

Kjempefint teppe! Bra gjort å fullføre eit så stort prosjekt! Så store arbeid har eg ikkje gitt meg ut på....endå :-)