onsdag 23. november 2011

To par tøfler ferdige

For tida er det ferdigstilling av påbegynte prosjekt som står på planen.

Og endeleg har eg manna meg opp til å sy skinnsålar på desse tøflene som har vore ferdige ei stund. Dei svarte sålane har eg kjøpt frå Hillesvåg fabrikker. Sidan eg ikkje har somla meg til å bestille fleire, kjøpte eg dei andre på butikk her, veit ikkje heilt korleis dei fungerer, men det får duge denne gongen.



Begge para er herrestørrelse, men dei tova veldig godt, så dei vart ein liten herrestr.

Garnet er Cortina soft frå Spar Kjøp. Oppskrifta fann eg på ei eller anna nettside for eit par år sidan. (Hugsar ikkje kor).







1 kommentar:

malla sa...

så fine tøfler! Veldig smart med skinnsåler, så holder de lengre.