søndag 11. desember 2011

Diverse testar

Sjølv om det er helg i desember, og ein burde gjort mykje juleførebuingar, har eg sydd litt denne helga òg. Har hatt nokre ting i tankane som eg hadde tenkt å prøve ut.






Her er ei vinterhue frå boka "Made by me"- Kobralue. Den er sydd i ullfilt, fora med fleece, så den vart mjuk og god å ha på seg. Eg gjorde nokre endringar på mønsteret for å få endra den til større størrelse, men veit ikkje heilt om det vart så vellykka. Klaffane til å ha under haka skal det eigentleg vere knapp i, men eg gjorde dei kortare for å berre ha dei til øyreklaffar utan knapp. Kristina som ville ha hua, ville imidlertid ha knapp, så vi får sjå kva vi får til. Litt eksperimentering må til for å få det optimalt.



Ein myntpung - også frå boka Made by me. Stoff frå Tilda.



Så har eg lenge tenkt å prøve meg på kanting med ribb, med vanleg symaskin. Eg fann framgangsmåten på sykroken.net. Der er det mange fine tips å hente for oss som vil lære å sy.



Er brukbart fornøgd, men treng meir trening. Det er så mykje fint ein kan sy viss ein lærer seg litt ulike teknikkar.



Ha ein fin kveld og ei god hobbyveke!








3 kommentarer:

Elin sa...

Eg er imponert over alt du får til, og all energi du legg for dagen!

Anonym sa...

Så fint det blir! Kjekt å sjå at du kosar deg med maskina :)

Litt læring her: dersom du har muligheit til å stille fottrykket på maskina di, så kan du bruke lett trykk på stretchstoff. På mi maskin brukar eg fottrykk 1 på slike stoff. Då blir ikkje kanten nederst så lett "bulkete" slik som på bildet der ho står med ryggen til.

Mvh Elin G.

Leei sa...

Takk for fine kommentarar.

Ja eg var ikkje fornøgd med opplegget på den tunikaen (Eller kva eg kan kalle det), Hovudfokuset mitt på den var å finne ut av kantinga rundt armhola og halsen. Men takk for tips, har ikkje peiling på om dette går an på mi maskin, får forske på det. Det er jo sånt vi kan finne ut når vi skal ha sytreff ein vakker dag.