mandag 30. mai 2011

Rullegenser

Den siste tida har det skjedd mykje, og det har vore mindre tid til handarbeid. Men no er endeleg denne gensaren til Kristina ferdig. Det er ein rullegensar etter gratisoppskrift frå Nøstebarn.



Garnet er 2-tråds lammeull frå Nøstebarn, fargane lilla og oransje. Angrar litt på at eg ikkje strikka 3 omg lilla+ 2 omg oransje, men no blei det 2+2. Størrelse 8 år til 5-åringen min.





Ein relativt tynn ullgensar kan vere fint på kjølege sommardagar. Her på vestlandet bør ein ikkje pakke vekk ullkleda sjølv om ein er i slutten av mai.















Ha ei fin veke!


onsdag 25. mai 2011

Rekreasjon

Sist helg var ei skikkeleg ruskeveirshelg, og vi hadde diverse å gjere heime. Men søndag fekk eg meg ein tur opp i dalen, fyrst åleine, sidan kom småjentene. Det er så godt å ha litt tid for seg sjølv, fiske litt, strikke ein god del, og elles slappe av.


Fisk vart det ikkje. Ein lokalkjend kar som har meiningar om alt seier det er for kaldt i vatnet endå. Nysnø i fjella og greier, så han har vel rett.




På strikkefronten fekk eg komt skikkeleg i gong igjen med ein gensar som har lege på vent no medan vi har styrt med konfirmasjon og 17. mai og slikt. Arm nr 2 ferdig og raglanstrikket påbegynt.



Dette skal bli ein rullegensar til Kristina, greit med ullgensar om sommaren òg, viser det seg. Greitt med ein som ikkje er altfor tjukk då.



tirsdag 17. mai 2011

Gratulerer med dagen!

Nokre glimt frå feiringa vår!





Ha ei fortsatt fin feiring!






tirsdag 10. mai 2011

Konfirmasjon overstått!

Då har vi fått konfirmert sonen vår. Han valde humanistisk konfirmasjon, så laurdag 7. mai var vi i operahuset på Nordfjordeid på seremoni.







Festen hadde vi på kantina på SFE, arbeidsplassen til min betre halvdel. Vi hadde invitert den nærmaste familie, altså var vi rundt 45 som feira Steffen denne dagen.





Konfirmanten og storesysta.








Ja ja, då får vi satse på at denne karen er vaksen...






tirsdag 3. mai 2011

Konfirmasjonsførebuingar...



I det siste har det blitt dårleg med nye blogginnlegg. Vi hadde ein flott påsketur på hytta, men etter det har tankane mine vore på det som skal skje 7. mai. Då skal sonen vår konfirmerast, og det er jo litt styr med å lage til til fest.


Har spekulert ein del på borddekking, fargar, pynt m.m. Eg hadde lyst til å la pynten gå i lilla, men det vart litt drygt for konfirmanten, så då vert det turkis. Lilla og rosa får vi heller spare til seinare anledningar....




Noko av det som er klart, er lys som skal stå på bordet. Her har eg teke skiferheller og sett møbelputer under, så vert det kubbelys med sløyfe og perlepynt rundt. Enkelt og greit.






Bordkorta er klare til utskrift.



Og så har vi jo leita fram litt bilder så vi kan mimre om barndommen til konfirmanten...



Endå har vi nokre dagar igjen, litt arbeid har vi igjen å gjere, men det går nok bra.


Ha ei fin veke fortsatt!