søndag 4. mars 2012

Forklekjolar

I det siste har det vorte laga mykje av jersey og stretchstoff elles, men eg har jo eit lager av vevd bomull liggande òg. Så i dag var det tid for å bruke litt av dette lageret.

Eg klipte til 4 forklekjolar, men vart berre ferdig med 3 av dei, den siste får eg ta ein annan dag.

Kjolane er vendbare, eg har laga dei med mykje mønster på ei side og litt "rolegare" på andre sida. Stoffa er frå Stoff og Stil, Cetho og ein lokal sybutikk.

1 kommentar:

Ida sa...

Kjempefine kjolar! Du er så flink, eg blir heilt imponert.