onsdag 12. september 2012

Skulejentene mine med nye huer

Etter å ha stått i lag med ein superheklar i 3 dagar i august, fekk eg lyst til å prøve om eg klarte å hekle huer òg. Fann fram noko Gullgarn frå skuffene mine - dette er vel 50% ull og 50% acryl. Sjølv om eg ikkje likar acryl så er det iallefall litt mjukt, og klør lite for sensitive prinsesser.  


Så i går blei det nye huer på skulen. Vel mykje blomster på kanskje? Det har dei valt sjølve, både fargar/fargesamansetning og antal. Og viss nokon tykkjer det er ille med tjukke hekla huer i fyrste halvdel av september, kan eg no nemne at snøen allereide er kropen godt ned i fjella her. Huff.  




Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

Ruth sa...

Flotte luer!

Anonym sa...

Kjempestilge huer, du har laga Lena. Og flotte blomster. Dei kan godt ta dei i bruk, for snøen er kome i fjella altfor tidleg.
Mvh Liv H.