onsdag 21. november 2012

Bodyar og legoposar

Då var helgas førjulssal for lengst over. Salet gjekk nokolunde bra, så no gjeld det å lage litt meir til neste gong. 

Fekk spørsmål om bodyar i meir jentete stoff. For tida har eg ikkje så mykje jentestoff liggande, men noko fann eg då. Så då vart det fire bodyar i litt ulike storleikar, og så kjem det kanskje eit par til snart. Klipte litt rikeleg sist gong, men det vart ikkje meir sytid, og så er det no litt dillete å skifte trådfargar på dissa maskinene, så det tek vi igjen ein anna dag. 


Legoposane eg hadde med vart òg selde sist helg, så då måtte eg lage nokre nye. Ytterstoff er kraftig bomull frå Ikea, og dei er fora med einsfarga bomullsstoff, i desse er det raudt og kvitt fòr, to av kvar. 


*****

Neste gong eg skal vere med på messe, vert i Runnevang søndag 2. desember, kl 15-18. 

*****


Ingen kommentarer: