søndag 16. desember 2012

Siste sydde ting før jul (trur eg...)

I forbindelse med nokre bestillingar har eg site littegrann ved maskinene dei siste dagane, men no vert det ikkje meir før jul.

Dette skjørtet sydde eg fordi eg muligens skulle selge det, men så valde vedkomande eit anna i stadenfor. Dermed går dette inn i Epla-butikken min.
Mønster frå boka "Barn igjen", str 7 år. Babycord og vevd bomull. 



Ein buff som skal matche eit panneband som eg selde på ei messe tidlegare. Monstertruckar utanpå og svart fleecestoff inni. 



***
Så gjenstår det ei arbeidsveke før vi tek juleferie. Her gjenstår det ein god del juleførebuingar, men vi satsar på å kome i mål i år òg. Kakemannane kom i boks i dag, hos oss er det den viktigaste kakesorten. Desse tre baka mange brett åleine, så då var det for foreldra å passe steikinga. 



*****

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Lena.
Det er fantastisk kor du jobbar. Håper du fekk selja masse av dette du har laga. Forsatt god jul til deg. Mvh Liv på andra sio av fjorden.