søndag 28. juli 2013

Bukser i dag

Når eg er ute og sel tinga mine, får eg ofte spørsmål om ting som passar saman. Sist eg var ute på marknad, fekk eg tilbakemelding på at eg hadde for lite til gutar. Eg har oppdaga at det er vanskelg å gjere alle til lags, men no har eg iallfall laga 5 bukser til matchande bodyar, og etter mi meining kan dette brukast til begge kjønn. 

Desse er sydde i chenille frå Stoff og Stil, med lommer av bomullsjersey. Litt knall med limefarga ribb, men småttisar kan gjerne ha litt fargerike kle.

Sydde ein body til ei av buksene. Stoffet med katten med støvlene er kjøpt hos Fabelblå. Str 92.



To bukser i babycord frå Stoff og stil, med påsydde lommar. 



Då gjenstår dei siste timane av ferien, jammen gjekk fire veker fort i år og. 

1 kommentar:

Ida sa...

Kjempefine bukser! Hadde eg hatt små gutar skulle eg hatt slike til dei. Du er kjempeflink!