mandag 14. januar 2013

Fyrste syprosjekt

I går hadde veninna mi  og eg sydag. Då rigga vi oss til i stova her med 5 symaskiner og diverse utstyr, og småjentene mine vart veldig interesserte. Dei ville òg sy! Sidan eg ikkje gadd å rydde opp alt i går kveld, stod alt klart då vi kom heim frå jobb og skule i dag. Så etter at leksene var unnagjort, var det å velge seg kvar sitt stoff, og så skulle det syast putetrekk. Til alt hell fann vi to ileggsputer som var ledige, så desse skulle få trekk.  


Nora valde eit stoff med fuglar på...


Og Kristina valde eit småblomstrete stoff. Eg trur begge er frå Stoff og stil. 
Dette er enklaste sort putetrekk, skjer, brett og sy to saumar, så er vi ferdige. 




Godt nøgde og stolte jenter. 


2 kommentarer:

Småregn sa...

Så kjekt for jentene å få sy! Det er sånt som de husker når de blir eldre. Flotte jenter, og flotte puter! :)

Elin sa...

Så flotte puter, då! Du får skryte godt frå meg! Dei var jo veldig intresserte i det vi styra med :)