søndag 24. januar 2010

Kronehuer

Tidlegare i dag måtte eg rekke opp fleire timers arbeid på ei ullbukse eg held på med, så då orka eg ikkje ta i den igjen på ei stund. Så då braut eg eit prinsipp eg har, nemleg å ha fleire prosjekt på ein gong. Eg hadde tidlegare i veka planlagt og kjøpt inn garn til kvar si hue som dei to minste i familien skal få når dei har bursdag om 9 dagar (!).

Kronehue strikka i Viking Balder på pinne nr 7. Oppskrifta fann eg her. Eg strikka imidlertid hua noko lenger før eg starta fellinga (15-16 omg.). På fyrste forsøk der eg følgde oppskrifta, vart ho noko kort for mine snart 4-åringar. Måtte prøve den på medan dei sov, det skal jo vere overrasking på bursdagen. Så då får vi berre sjå om prinsessene vert nøgde med krunene sine.



2 kommentarer:

smarie sa...

Så søte de var ;o) Prinsessene blir nok veldig fornøyd ! Ha en flott uke!

eling sa...

Prinsipp er til for å brytast ;)

Søte luer, tipper frøknane blir glade!