fredag 1. januar 2010

Nyttårsfeiring

Godt nyttår til alle!

Nyttårsafta feira vi heime, med ei lita utflukt til foreldra mine. Dei tre minste ville vere nyttårsbukkar, så dei kledde seg ut og sminka seg etter alle kunstens reglar.


Nora ville vere prinsesse - ikkje veldig overraskande.

Kristina var ein liten kattepus - søt som alltid.

Hanna var blånisse, med veske - klar for "innsamling" av snop i lag med veninnene sine. (Sidan vi ikkje er noko halloween-menneske her i huset, har vi heller tradisjon for at dei får ta seg ei runde på nyttårsafta.
På nyttårsbesøk hos Besta og Besten på Eide.

Her er òg noko vi har styra med i jule-/nyttårshelga. Wii er for heile familien, men endå litt vanskeleg for dei minste. Bowling er vel det lettaste, og her er det Nora som prøvar seg. Ikkje noko å seie på innsatsen.

Litt fyrverkeri hadde vi. Vi hadde litt oppskyting med dei minste litt tidlegare på kvelden, for sidan dei ikkje hadde sove middag blei det litt lenge og vente heilt til midnatt.

Utsikt frå loftet vårt rundt midnatt.


Og sidan dette for det meste er ein handarbeidsblogg, må eg òg ta med nyttårshandarbeidet mitt, eit par lommetøfler til 11-åringen. Lite greit handarbeid, og fint å få brukt litt restar.


2 kommentarer:

Hanne sa...

Lommetøfler er grei strikking, og spesielt grei med tanke på å få brukt opp restegarn. Søte nyttårs julebukker du har da :) Godt nytt år fra meg :)

Siddis-in-houston sa...

Ha et godt nytt kreativt år! Mye flott du strikker!