lørdag 1. mai 2010

Båtsmørjing i Traudalen

I dag 1. mai opnar fiskesesongen i Traudalen. Då burde vi eigentleg vere klar med båten, men i år er vi litt forsinka. Båten treng eit strøk eller to med båtolje før han vert sett på vatnet, og i dag var det tid for å gjere det.

Nora skal til naustet for å smørje båt.










Kanoen som vi kjøpte i fjor måtte òg prøvast ein liten tur.


Litt fiske frå land, men inga fiskelukke i dag.


Hanna likar godt å padle litt.


Froskeegg er artige.


Neste helg håpar vi å få ei heil helg på hytta, då satsar eg på litt vårreingjering og testing av grillen. Veiret kan godt bli heitare, så kan det hende fisken bit òg. Gledar meg allereide.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei!
Sitt og surfar på blogglandia i Sogn og Fjordane, og jammen fann eg nokon som eg iallefall veit kven er ;-) Kjekt med båtliv. Vi har fått båten på sjøen, men båtveret og hytteliv har det vore dårleg med.
Eg er på opplæring på dette med blogg..... ;-)
Mvh
Torill Vingen

eling sa...

Eg trur jammen dåkke har mindre snø enn oss på andre sida av fjorden. Her er ein del snø når vi kjem opp i tilsvarande høgder.
Koselige bilder!

Leei sa...

Hei Torill! Kjekt å få helsing frå deg her då! Blogging er no litt kjekt, berre å gå i gang, så finn du nok ut av det.

Elin: Ja snøen er endeleg vekke oppe i dalen, får håpe det vert litt temperaturar no. Då fer vel snøen i Eidafjella òg.

Shy bitch sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.