torsdag 27. mai 2010

Retro...?

I dag fekk eg brått trang til å rydde og kaste i vaskerommet mitt. Mykje skrot, gamle kle og diverse blei stappa i svarte sekkar og skal vekk frå vårt hus. Men ein ting som både er gammal og delvis øydelagd, skal ikkje kastast, uansett. Denne har vore med på diverse flyttelass, og har overlevd mange ryddesjauer. Tippar den er frå tidleg/midten av 70-talet.

Denne stolen er etterkvart ein av dei få tinga eg har att frå barndommen min, og eit godt minne.


Flott mønster.


Har du ting frå barndomen som du tek vare på?

1 kommentar:

Shy Bitch sa...

Hei! Ser du er blitt retro du også ;-)
Har litt som er er samla eg også, m.a. ein ryggsekk som du ser på min RETROJAKT. Kjem på at eg også har ei dukke og dukkevogn, som er gøymt i kjellaren. Kjekt å ta vare på litt. Fint mønster på stolen din!
Vedr. Bremanger/Grotle; Vi leiger ei rorbu der. Nydeleg plass.