torsdag 10. juni 2010

Fornya inngangsparti/uteplass

Ved inngangsdøra vår har vi ein overbygd platning som vi liksom aldri har fått skikk på. I år har vi difor teke oss saman og gjort noko med dette. Platningen er blitt beisa og vi har kjøpt nye utemøblar. I tillegg har veggane, og karmane fått beis, og eg har sett fram litt til pynt.



Dei "nye skohyllene" er gamle kasser som vi fekk frå ein bonde her på stranda. Dei får få nytt liv som sko-oppbevaring ei stund framover. Sopelima kom gutungen heimigjen med, han hadde laga den på skulen.




Grøne fingrar har eg aldri hatt, men nokre potter med litt sommarblomster prøvar eg kvart år. Håpar dei held seg fine ei stund i år...



Denne hylla er laga av ei gammal fjøl som eg fann i ein ruin etter eit nedrive hus. Hylleknektar i smijern frå IKEA.



Denne lanterna har eg kjøpt i butikken til kollegaen min, ho har òg nettbutikk. Her er mange fine interiørprodukt, både til å ha ute og inne. Korga i hønsenetting som stod på skohylla er òg derifrå.








Så no kan berre sommaren kome for fullt...

1 kommentar:

Shy sa...

Dokke har verkeleg jobba! - og fint vart det!