tirsdag 20. september 2011

Mjuk hals

Eg har lenge tenkt på å strikke slike halsar, men har utruleg nok ikkje fått kjøpt inn høveleg garn. Mohair har ikkje vore noko favorittgarn til no, men ein slik hals må no vere fint no til vinteren. Så då vi var på tur til Ørsta på laurdag, fann eg ein flott butikk med både saum- og strikkevarer, og der var garnet eg trengte. 6 nøste Kitten mohair fekk vere med heim, og det var berre å setje i gong.




Her er resultat av fyrste forsøk. 140 masker på pinne nr 7, to rett, to vrang til nøstet var oppbrukt. Eigentleg syntest eg halsen var vel trang til å ha to gongar rundt halsen, men på denne vesle dama var den meir passeleg.












På neste hals har eg prøvd meg med 164 masker, får sjå om det vert meir høveleg for vaksne damer. Andre som har strikka slik hals og som har tips om masketal og pinnar?



2 kommentarer:

Annelive sa...

Hei og takk for kommentar i bloggen.
Jeg har strikket boleroen i en større størrelse, la bare opp 10 ekstra masker så passet den helt fint til knerta på 6 år.
Ha en flott uke.
Annelive

Aileens Hobbyrom sa...

Kjempefin hals du har strikka,eg såg på ein blogg her ein dag,hugser ikkje hvem sin,men ho hadde strikka hals til å ha to ganger rundt halsen i kitten mohair,ho hadde brukt 232 masker og 2 rett og 2 vrang og nesten 2 nøster:)