lørdag 5. september 2009

Årets beste fisketur







Som nemnt i profilen min, likar eg godt å fiske. Det eg held meg mest til, er ørretfiske i fjellvatn, og det blir vanlegvis i Traudalen der vi har hytte. For nokre år sidan fiska vi nokre elvakre som vi sette ut i eit fjellvatn som vistnok var fiskelaust. Sidan har vi fått vite at andre har gjort det same. I år var det tid for å teste om fiskane hadde slege seg til ro, og ikkje minst reprodusert seg. At der var fisk hadde vi forsåvidt høyrt nyss om, men vi visste ikkje heilt kor stoda var. Ein dag i ferien gjekk min mann opp og prøvde lukka, og kom ned at med 6 fine fiskar. Dagen etter var det min tur - strevsamt å kome seg opp - men akk, det var verdt det. 7 ørretar vart resultatet, eit par av dei var over halvkiloen. Flott fisk, dette skal vi drøyme om og lengte etter når vinteren kjem...

1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerer med flott blogg! Har lagt deg i lenkelista mi, så eg kjem nok innom her rett som det er.

Fjellturen såg fantastisk ut, skjønnar du kosar deg med kameraet ditt ;)