tirsdag 27. juli 2010

Garnhandel

Som nemnt har vi vore på tur igjen. Før vi reiste avgarde, laga eg eit innlegg på hobbyboden ang. tips til garnbutikkar eg burde besøke. Fekk tips om fleire, men det passa slik at eg fekk ein tur innom Morgrethe i Brumundal. Ein veldig fin butikk der alt var ryddig og ordentleg. I tillegg var der sjølvsagt mykje flott.

Kjøpte med meg dette:



Ein annan butikk eg kom meg innom var Husfliden på Lillehammer. Her var det òg mykje flott. Her vart det handla ein del Inka, og eit par nøster med Online sokkegarn.


Dette garnet har eg litt planar med, må sjå litt i "Myk start" om der er nokre fine oppskrifter til små mjuke babyplagg...



Sokkegarn er det alltid kjekt å ha liggande... Greit å ha eit lite lager av godsaker liggande til haustkveldane kjem.

1 kommentar:

Anlen sa...

Hei! Mykje deilig garn å kose seg med framover her! Det er NESTEN så ein kan glede seg til hauststormane;)