onsdag 21. juli 2010

Strikkelysta er på veg tilbake...

For eit par månader sidan uttrykte eine bror min ynskje om eit par tova vottar, til bruk under vindvottar. Dette var noko eg hadde tenkt på å prøve meg på, så no fekk eg ein god grunn til å prøve meg.



Eg fann oppskrift i eit Idena-hefte som eg fekk med svigermor, men brukte anna garn med omlag samme strikkefastheit. (Østlandsgarn). Vottane vart veldig store, så eg håpar dei tovar seg godt.

I skrivande stund er vottane i vaskemaskin, eg tok sjansen på 60 grader sidan dei var så store. Blir spennande å sjå resultatet.

1 kommentar:

Shy sa...

Hei!
Eg har ikkje strikkelyst om sommaren.(Vel, vel sommar og sommar, fru Blom) Går mest i hekling av oldemorsruter no.