lørdag 31. juli 2010

Rekebord på Knutholmen

Gjennom mannen sin arbeidsplass har vi høve til å leige ei bu i Kalvåg til ein rimeleg penge. Vi har vore her dei siste tre åra, og eit av høgdepunkta er rekebordet ved Knutholmen. I år er eldstejenta med på turen, såleis hadde vi barnevakt, så vi vaksne kunne gå åleine å ete.



Som alltid var maten og omgjevnadene heilt fantastisk, så dette kan anbefalast!

1 kommentar:

Shy Bitch sa...

Vi var der på tysdag, og rusla rundt og såg på båtlivet :)