lørdag 5. september 2009

Vottar og huer til store og små...

I vinter fekk eg så lyst til å prøve meg på vottar, hadde aldri prøvd å strikke vottar før. Fann ei oppskrift i ei handarbeidsbok, og sette i gang. Etterkvart vart det fleire par, dette var jo moro! Har eigentleg mest sansen for småarbeid, slik at ein raskt vert ferdig. (Og kan begynne på noko nytt.)
Av votteproduksjon er det vorte desse para, nokre til dame, nokre til mellomstore barn, og nokre til ca 1-3 åringar. Som nemnt likar eg fargar, gjerne tradisjonelle mønster i utradisjonelle fargar. Som de ser er det ikkje det mest innvikla mønsteret, men vottar er det iallefall. Garnet er stort sett Rubin og Smart, men også litt Østlandsgarn.


Huer er vel òg det ein kallar "Småarbeid", og etter at eg fann ei god oppskrift i eit Sandnes tilbehør-hefte, vart det nokre etter det mønsteret òg. Dvs, mønsteret har eg putta inn sjølv, i oppskrifta var det berre einsfarga. (Og det vert litt kjedeleg for meg...) Dei fleste huene er i str 4 år, nokre i ca 2 år.

Ein liten gut som er vorten litt stor før eg fekk somla meg til med sengjamat, fekk dette:




Sannsynlegvis litt stort, men det blir vel passeleg ein gong.

2 kommentarer:

Sizzi sa...

Selger du?? Hehe... Du er vanvittig flink, eg også elsker litt utradisjonelle farger til tradisjonell strikk... Så luene, vottane, ullbuksene og halsane dine gjekk rett heim hos meg! Eg har lyst på både til meg sjølv og tvillingane! ;)

Hilsen Silje (Sizzi på DG)

Leei sa...

Ja, vi får no sjå på den saken.... Strikkar opp eit lager eg skal prøve å selge på ei julemesse, elles blir det litt til gåver og litt til mine eigne.