søndag 30. august 2009

Strikkagensarar




Nokre gensarar har det òg blitt i løpet av året. Desse er i størrelsar frå ca 4 til ca 8 år. Eg har strikka mykje i garnet Rubin frå sparkjøp. Med pinne nr 3 1/2-4 er det greit å strikke med. Superwash-behandla er det òg, så plagga går greit i maskin på 40 grader. (Anbefalar ullprogram og Milo). Tre av desse gensarane er i Rubin, den fjerde i Gullgarn, også frå sparkjøp. Tjukt garn, raskt å stikke. Eg likar godt å strikke gensarar med raglan eller rundt bærestykke, så difor blir det stort sett det. Enkel montering, raskt ferdig.:-)

Ny blogg!











Då har eg kasta meg ut i bloggverda. Eg har den siste tida blada i mange flotte hobbybloggar, så no er eg vorten inspirert til å prøve sjølv. I starten kan det nok bli ein del prøving og feiling, det får lesarane heller bere over med.

Dei fyrste innlegga blir nok ein del bilde av ferdigstilte handarbeidsprosjekt. Eg driv for tida og produserer til ei julemesse, så eg prøver meg på litt ymse. Stort sett småprosjekt, og ikkje i dei mest avanserte teknikkar. Eg likar godt å leike meg med fargar - og tykkjer det er moro å sjå korleis fargar passar saman.

Vi kan no starte med ullbukser. Desse er ribbstrikka, og veldig tøyelege. Sidan dei er relativt lange i beina, kan dei i starten brettast opp, og barnet kan ha dei lenge. Flotte til å ha under dressar og regnbukser ein kald og sur dag. Med arbeidsdagen min i barnehage, kan eg godt anbefale at alle burde ha ei slik bukse:-)