mandag 27. september 2010

Gode dagar på syrommet

Ja noko avanserte greier kan eg ikkje skryte av, men eg kosar meg no med det eg får til.

Mynt-/sminkepungar vert det garantert fleire av, dette var jo kjekt. Framleis Timotei sin framgangsmåte. Stoff frå Stoff og stil.


















Noko eg har tenkt eg skulle prøve, er å sy handlenett. Dette er sydd etter Annesand si oppskrift. Dette vart imidlertid litt stort, og med litt korte hankar, så neste gong endrar eg littegrann på mønsteret. Stoff frå IKEA.

søndag 26. september 2010

Sminkepung

Eg har no sydd min fyrste sminkepung med utgangspunktet i denne framgangsmåten.Tusen takk til Timotei som har lagt ut trinn for trinn korleis ein skal gjere det.

Her er nok imidlertid forbetringspotensiale, blant anna når det gjeld å sy i glidelås. Denne skal eine jentungen få, ho får heller leve med at det er litt skeivt her og der.



Monsterbukse

No har eg laga ei monsterbukse, ca str 1-3 år. Strikka i Rubin. Tenkte eg skulle strikke nokre slike til julemessa som skal vere i slutten av november. Har ei til på pinnane, men der får eg for lite garn, så den blir ikkje ferdig heilt med ein gong.

Syns buksene er kjekke å strikke, men eg har eit stykke igjen når det gjeld å få fine maskesting. Det var noko herk.





lørdag 18. september 2010

Sjal frå Nøstebarnboka

Dei siste dagane har eg strikka på dette sjalet frå Nøstebarnboka. Garnet eg har brukt er Jarbo Stella, og pinne nr. 6. Dette er det fyrste sjalet eg har laga, og eg må innrømme at det ikkje vart heilt symmetrisk og beint. Sjølv om oppskrifta var særs enkel. Men det går vel an å bruke likevel.

fredag 10. september 2010

Hjortevottar

I dag er jakta i gong dei fleste stadar, noko mange set pris på. Eg går ikkje på jakt, men markerer jaktstarten med desse vottane som vart ferdige for eit par dagar sidan.



Mønsteret er frå Rauma sitt hefte Selbustrikk, damevott nr 6. Garnet er Rauma gammelserie, pinne nr 2.


Kjekke vottar å strikke, greit mønster når ein kjem inn i det.

tirsdag 7. september 2010

Bukse til ein liten krabat

I dag har eg sydd ei lita bukse til ein kar som nett har fyllt eit år. Sidan det var gjort på sparket hadde eg ikkje noko mønster, så eg er ikkje heilt nøgd med resultatet. Merkar godt at eg treng meir øving når det gjeld sying, men det får vi ta etterkvart.

Her er iallefall buksa - blir vel passeleg ein gong... (Noko stor, vil eg tru...)

Støylstur

Måndagane er min og tvillingane sin fridag no framover. I det siste har veiret vore heilt fantastisk, så denne mandagen ville vi vere UTE. Vi reiste difor i lag med mor mi til "barndomsstøylen" min, Esstøylen. Der var det blant anna hestar på beite, noko jentene tykte var stas.

søndag 5. september 2010

Ei fantastisk helg

Veiret er for tida upåklageleg, det kan desse bileta illustrere. Vi har hatt hytteovernatting, og eg har vore innom kantarellplassane mine.

Dette biletet tok eg med telefonen frå kanoen midt på vatnet. Ikkje godt å seie kva som er opp og ned på dette.



Skogens gull - litt fangst vart det.

torsdag 2. september 2010

Ny veske

Eg tykkjer eg får for lite tid med den nye symaskina mi, det er mykje som skjer på ettermiddagane, så det er lite fritid for tida. Men i går kveld fekk eg meg eit par timar i sykroken som eg har innreia på soverommet vårt. Har så mange ungar at her ikkje er noko rom ledig, men eige hobbyrom er jo darumen, sjølvsagt.

Denne veska såg dagens lys i går kveld. Kjøpte stoffet på den lokale sybutikken i går ettermiddag, hjertestoffet var eigentleg julestoff, men det går no fint an elles òg. Tenkjer no meir på sommar enn på jul når eg ser dette...



Veska er sydd etter samme mønster som den forrige veska mi (Nokre blogginnlegg tilbake). Ei rimeleg enkel veske i ein fasong eg likar. Spørs om dette vert gåve eller messesal, det vil tida vise.