Sjølv om det er helg i desember, og ein burde gjort mykje juleførebuingar, har eg sydd litt denne helga òg. Har hatt nokre ting i tankane som eg hadde tenkt å prøve ut.
Her er ei vinterhue frå boka "Made by me"- Kobralue. Den er sydd i ullfilt, fora med fleece, så den vart mjuk og god å ha på seg. Eg gjorde nokre endringar på mønsteret for å få endra den til større størrelse, men veit ikkje heilt om det vart så vellykka. Klaffane til å ha under haka skal det eigentleg vere knapp i, men eg gjorde dei kortare for å berre ha dei til øyreklaffar utan knapp. Kristina som ville ha hua, ville imidlertid ha knapp, så vi får sjå kva vi får til. Litt eksperimentering må til for å få det optimalt.
Ein myntpung - også frå boka Made by me. Stoff frå Tilda.
Så har eg lenge tenkt å prøve meg på kanting med ribb, med vanleg symaskin. Eg fann framgangsmåten på sykroken.net. Der er det mange fine tips å hente for oss som vil lære å sy.
Er brukbart fornøgd, men treng meir trening. Det er så mykje fint ein kan sy viss ein lærer seg litt ulike teknikkar.
Ha ein fin kveld og ei god hobbyveke!