Viser innlegg med etiketten Strikkepinneetui. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikkepinneetui. Vis alle innlegg

lørdag 24. november 2012

Strikkepinneetui

Siste dagane har eg sydd litt på desse to strikkepinneetuia innimellom alt anna som har foregått. Sybeskrivelse frå Pickles.no
Stoff frå IKEA, knappar frå KAM/Lykkedragen.




mandag 12. mars 2012

Strikkepinneetui og bukse

Eit par strikkepinneetui.

Bukse sydd på bestilling. Stoff og Stil sine tekstilar - mitt mønster. Buksa er til ei jente som er litt størren enn ho som har den på, difor ser den noko stor ut.

onsdag 16. februar 2011

Strikkepinneetui og "Besta" sin bursdag

I går fylte mor mi heile 81 år, og mandag, midt imellom morsdagen og bursdagen reiste småjentene mine og eg på besøk. Som gåve hadde vi bl.a. med dette strikkepinneetuiet som eg har sydd. Eg har brukt framgangsmåten frå Pickles.


Kristina skreiv denne helsinga til bestemora si.


mandag 10. januar 2011

Stjernehals, strikkepinneetui, m.m.

Må innom for å blogge om dei siste dagars arbeid på hobby-fronten.
Endeleg har eg fått ferdig denne stjernehalsen som er strikka på bestilling til ei frøken. Strikka på pinne nr 3,5, i garnet Lerke.


Så har eg endeleg fått sydd meg eit strikkepinneetui, det har eg tenkt på lenge. Eg brukte denne framgangsmåten. I utgangspunktet gjekk det greit, men eg kunne tenkt meg eit noko stivare resultat, syns heile mappa var litt mjuk og "lafsete". Mulig eg skal prøve med eit kraftigare stoff neste gong, evt. ha i eit lag stiv vliselin.


Neste prosjekt ser de her, det skal bli jakker til tvillingane, i vossamønsteret. Fann denne kofta i eit av Dalegarn sine hefter på nettet. Eg såg for meg antrekk til konfirmasjon og 17. mai, så då var det berre å skaffe mønster og garn og setje igong. Om eg skal seie det sjølv, ser det så langt ganske bra ut, men eg har ein del arbeid framfor meg før eg er ferdig.




Ha ein fin dag!