onsdag 28. april 2010

Mariusgensar med rundfelling

For eit par-tre månader sidan skulle eg strikke ein slik gensar til tanteungen min. Eg begynte då på denne i str small, men eg tykte den såg stor ut. Difor la eg den til sides og begynte på ein ny til henne.



No har eg endeleg fullført denne, som eg frykta kom til å bli liggande ei stund. Garnet er Rubin frå Sparkjøp, pinne nr 3 og 3 1/2. Mønster frå Sandnes. På den gensaren eg strikka tidlegare, bytta eg perlestrikk-brotet med vanleg vrangbord, og eg må seie at eg var meir fornøgd med det. Her er det imidlertid perlestrikk som det står i oppskrifta. Litt pressing, så vert det kanskje penare, men så langt er eg ikkje komen endå.



Denne gensaren har ikkje mottakar, så eg tenkjer å prøve å få selt den på julemesse eller noko slikt. Kva kan eg ta for ein slik gensar? Tippar garnkostnadene er på nærmare 200 kr.

torsdag 15. april 2010

Selbuvottar

Etter forrige prosjekt begynte eg like godt rett på neste par selbuvottar. Også dette frå Rauma sitt hefte "Selbustrikk." Denne gongen mønster nr 8, damevott. Eit greit mønster å strikke etter, med åttebladsrose.


Garnet er Rauma finull, pinne nr 2.

tirsdag 13. april 2010

Gåve til ein kollega

Ein kollega av meg fyller 60 år i dag, og i påska har eg laga gåve til henne. Ho fekk eit par med Selbuvottar og eit tova sitjeunderlag.


Sitjeunderlaget er strikka i Mor Aase, la opp 60 masker med dobbel tråd på pinne nr 10, strikka opp 5 nøste. Tova fleire gongar i maskin, til det fekk høveleg størrelse.


Mønsteret til vottane er henta frå heftet Selbustrikk, utgjeve av Rauma ullvarefabrikk. Vottane er strikka i Rauma finullgarn på pinne nr 2.

torsdag 1. april 2010

Mariustunika

Eg strikka ein slik tunika til eit tantebarn for ei stund sidan, og vart så nøgd at eg ville ha slike til mine eigne småjenter òg. Så eg handla inn garn i mørk grå, kvit og cerise-rosa og sette i gong. Men når eg seier det er til jentungane, seier dei berre at den er stygg og dei ikkje vil ha grå klede. (Her er det rosa og lilla for alle pengane.)

Så då får vi sjå om dei ombestemmer seg og eg må lage ein til, eller om den går i messe-/gåvekassa.




Mønsteret er frå Sandnes, garnet er Silja, pinne nr 3. Mønsterfargen er meir rosa enn den ser ut, på bildet ser den no nesten raud ut.

God påske!

Ynskjer alle ei god påske! Her er det Kristina som pyntar til helga.