søndag 28. mars 2010

Grøne blåbærvaflesokkar

Med på Praha-turen hadde eg eit lite strikketøy, nemleg desse sokkane. Vart ikkje mykje strikking, stort sett berre i vente-økter på flyplassen, på flyet og på bilturen heim. Resten har eg fått unna i dag medan vaskemaskina har gått.

Sokkane er strikka i Perfect frå Sandnes, mjukt og godt garn å strikke med. Pinne nr 3,5.

Praha-tur

Som gåve til min straks 40-årige mann, har eg ei god stund planlagt ein tur til Praha i lag med eit anna par der mannen òg fyllte 40. Billettar vart bestillte i haust, men jubilantane skulle få dette som ei overrasking, så dei visste ikkje noko før like før avreise. Vi stod opp midt på natta og reiste frå sludd og pøsregn. Då vi flaug innover Praha var det ikkje ein snøflekk å sjå, og sola skein. Temperaturen var òg fin, så vi kunne gå i T-skjorter på dagtid. Nokre bilder frå turen må de òg få sjå.
Venceslas Square. Her var det tettpakka med folk under lausrivinga frå kommunismen i 1989.

Utsyn frå the Powder Tower som vi var oppe i. Her ser vi bortover gata der vi budde, i retning Old Town Square.

Utsyn frå høgdedraget der palasset ligg.

Charles bridge.

Den berømte astronomiske klokka. Denne kan du lese meir om her.

Kveldsbilde mot palasset.

Noko som facinerte meg var desse sjokoladebutikkane. Fantastisk mykje flott og godt.





Ein av dagane var vi med på ei utflukt til Kutna Hora, ein gruvelandsby eit stykke utanfor Praha. Kjekt å sjå litt utanfor dei typiske turistplassane. Her var vi inne i the Bone Church, ei kyrkje dekorert med beinrestar frå 40 000 menneske som strauk med under svartedauden. På den tid var det gravplassar over alt, og restane skulle ryddast vekk når dei skulle dyrke jorda. Så vart dei til dekorasjonar i denne kyrkja. Noko uhyggeleg tykte eg, men facinerande.




Her er frå ei anna utflukt vi var på, ein 6-timers guida tur gjennom byen. Innkludert ein båttur på elva som renn gjennom byen.

God mat var òg viktig å prøve. Her er desserten min ein av dagane, creme bruilee. Nam!

Kjøpesenter måtte vi òg innom. Mannfolka var mindre begeistra, men der var jo pubar overalt. Når der i tillegg var fine damer som gav dei handvask og smørjing med handkrem, var alt topp.


Her er inngangen til hotellet vårt. Hotellet hadde det meste, sentralt, billig og bra. God frukost òg, så dette kan anbefalast.

Kjekt å vere på tur, men veldig kjekt å kome heimatt òg. Flott med støtteapparat heime som har teke seg av hus og ungar medan vi har vore vekke.

mandag 15. mars 2010

Vaffel-sokkar

Eg har nettopp gjort ferdig desse sokkane i Viking sportsragg. Garnet var billig (12,50), og for den prisen eit heilt ok garn. Brukte litt over 2 nøste på eit par sokkar, så det vart ikkje dyre sokkar.

Mønsteret er inspirert frå dette, men eg strikkar ein annan type hæl.

lørdag 13. mars 2010

Raggsokkar



Etter nokre litt større prosjekt (i min målestokk), visste eg ikkje heilt kva eg skulle begynne på. Etter ein tur i garnlageret fann eg noko eg berre måtte bruke opp og bli kvitt, nemleg raggegarn frå Trysil (Europris). Ikkje spesielt godt å strikke med, men trur labbane vert varme og gode. Desse går i gåve/messekassa. Damestørrelse.

tirsdag 9. mars 2010

Ribbstrikka ullbukse

I dag har magesykja igjen inntatt heimen her. No er det Kristina som er ramma, så både ho og Nora har fått vere heime i dag. Så innimellom vasking av spykle og diverse, har eg fått gjort ferdig ullbuksa til Hanna. Ho hadde lenge ønska seg ei ribbstrikka ullbukse, men sidan ho etterkvart er begynt å bli stor, vegra eg meg litt (mykje arbeid). Men i januar begynte eg, og har strikka på denne buksa innimellom andre ting som har vore gåver. Bra ho vart ferdig no, så ho kan brukast litt før våren kjem for fullt. Beina er rikeleg lange, så ho kan nok brukast fleire sesongar.

Garn: Rubin, nærmare 450 gram.
Pinne nr 2 1/2 og 3 1/2.
Oppskrift: Sandnes tilbehør tema 12 - men justert opp til rett størrelse. (I oppskrifta går den berre til 6 år.)


Sidan ho som skal ha buksa er på skulen, får det greie seg med eit bilde av buksa utan modell.

lørdag 6. mars 2010

Monsterbukse og eit gamalt prosjekt

Den siste veka har eg jobba med ei såkalla monsterbukse. Strikkinga gjekk fint, men når det gjeld brodering av auge og tenner med maskesting, har eg nok litt å lære. Buksa er strikka i Smart, str ca 2 år. Gåve til ein liten gut som nyleg er blitt eitt år, så den er nok rikeleg stor, ja. (Modellen på bildet er ei av mine 4-åringar).






Her er eit av mine betre handarbeidsprosjekt, ein gensar til min bedre halvdel. Denne vart strikka for sikkert 15 år sidan, lenge før blogging og denslags, så eg får ta den med no. Mønsteret sette eg saman sjølv, tok utgangspunkt i strikkediagram frå Årbok for Nordfjord. Mønster i heile gensaren, så det tok sin tid. Synest å hugse at eg brukte Vestlandsgarn som dei selde på Spar kjøp tidlegare.

mandag 1. mars 2010

Mariusgensar til Oda

Her på bloggen har det vore lite aktivitet i det siste. Av handarbeid har eg helde på med eit litt større prosjekt som har teke litt tid. I forrige veke vart det endeleg ferdig, og i helga var det overrekking av gåve.

For nokre veker sidan fekk eg hint om at niesa mi ønska seg og trengde ullgensar til bursdagen sin i februar. Sidan eg i det siste har fått sansen for Mariusmønsteret, vart det ein Mariusgensar med rundfelling. Eg starta fyrst med rubin i str small, men såg etterkvart at denne vart for stor. Difor kjøpte eg nytt garn, Smart denne gongen, og begynte på nytt i str xs. (Den andre får ligge til seinare, så får vi sjå om den vert ferdig ein gong òg).

I staden for perlestrikk på brotet, vart det vrangbord.












Ei forhåpentlegvis fornøgd Oda med ny gensar.