torsdag 31. desember 2009

Godt nyttår!

På hobbyfronten går eg inn i det nye året med eit forsett om å bruke mest mogeleg av garnrestar eg har liggande. Det har eit merkeleg lag med å fyllast opp fortare enn eg klarar å strikke, men no skal det bli andre boller....

Er allereide begynt med litt småputl, ein kjøkenklut og eit par lommetøfler. Småprosjekt som ikkje tek for lang tid, det likar vi.


Kjøkenklut, brukt ca eit halvt nøste mandarin petit.


Lommetøfler, brukt to restar av Østlandsgarn.

Så vil eg ynskje alle bloggvener ei riktig fin nyttårsfeiring, og eit godt år i 2010.

mandag 28. desember 2009

Handarbeidsproduksjonen i året som har gått




Etter inspirasjon på Hobbyboden har eg laga ein "kavalkade" av noko av det eg har laga i året som har gått. Noko er diverre gått i gåver før eg har fotografert det, så eg manglar nokre få ting. Nokre ting er avbilda fleire gonger, men pytt pytt.
Ein del av tinga er gjeve vekk i gåver, noko er selt på messe, noko har familiemedlemmer fått og noko ligg framleis i messekorga. Det står seg vel til neste år der.






Strikkerier og krydderkake

Då er buksa i Alpakka ferdig og overrekt til mottakaren, han som fekk jakka til jul. Mjuk og god, håpar guten rekk å bruke ho litt før ho vert for lita.

Når ein er hekta på handarbeid er det ikkje lett å reise nokon plass utan å ha med seg noko. Tenkje seg til å sitje ein heil ettermiddag utan å ha noko i hendene. I går var det tid for juleselskap igjen, så då tok eg med meg tråd og pinnar og begynte på ein kjøkenklut. Den vart fullført i TV-stolen i går kveld.
Før vi reiste avgårde i går, fekk eg lyst til å prøve eit nytt bakverk. Eg hadde smakt dette før, og lenge hatt lyst til å prøve. Så då var det ei Islandsk krydderkake som vart medbrakt til juleselskap i Jølster. Oppskrift nedanfor. Kjempegod med smør og brunost på.




Islandsk krydderkake
Fin å ha med på tur eller til kaffekosen hjemme !

Ingredienser

3 dl havregryn

3 dl hvetemel

2 1/2 dl sukker

1 ss kakao

2 ts natron

2 ts malt kanel

1/2 ts malt ingefær

1/2 ts malt nellik

2 1/2 dl kulturmelk

Slik gjør du
Bland alt godt. Bruk smurt og strødd brødform. Stek nederst i ovnen i ca. 1 time ved 180 grader. Avkjøl i formen før den skjæres i skiver.

lørdag 26. desember 2009

God jul!

Endeleg eit nytt innlegg i bloggen min! Desember har vore utan nye innlegg, mest fordi alt eg har strikka har vorte julegåver, så då kan det jo ikkje offentleggjerast før julafta er over. Vi har så langt hatt ei fortreffeleg jul, familien samla og mykje kos.

Her er vi klare til å innta julematen, for dei vaksne er vel det eit av dei store høgdepunkta.


Årets pinnekjøt, dampa og skjerpa i ovnen. Nam nam.


Her er ei av gåvene som vart gjeve vekk. Babyjakke frå boka "Myk start", i alpakka. Buksa er under produksjon, men sidan det vart litt hektisk før jul, satsar eg heller på at den blir ferdig til vi skal besøkje den vesle nevøen vår og familien i løpet av romjula.


Denne vesten fekk niesa vår på 12 år.

Ei anna niese fekk denne, med utgangspunkt i samme mønster, men litt større.
Desse var ikkje julegåve, men bursdagsgåve til veninna til 11-åringen. Ho hadde ønska seg selbuvottar i lang tid, så då måtte ho jo få det.

Niesa vår på 8 år ønska seg òg selbuvottar, så desse låg i gåva hennar.

Vår vesle nevø på ca 9 mnd fekk seg ny gensar strikka i Smart. Eg fann ein liten frosk i korga mi, den passa fint på denne gensaren, tykte eg.


Då kan eg berre ynskje lesarane ei framleis god jul!

søndag 29. november 2009

Selbuvottar og julemesse

Endeleg var desse vottane ferdige, fullførte siste tommelen i dag tidleg. Mykje mønster, tynn tråd. (Senjagarn). Dei vart selde på julemessa i dag!
Her er bordet med strikkavarer som mor mi og eg hadde på julemessa i dag. Sidan det var fyrste gongen min med sal på ei slik messe, var det litt spennande å sjå kva som vart selt. Noko som forsvant ganske tidleg var dei fem isskrapevottane eg hadde laga. Elles selde eg nokre huer, ullbukser, vinvesker, ein kjole og elles litt forskjellig. Sokkar av dyrt garn gjekk det lite/ingenting av, så då veit eg det. På bordet ved sidan av var det ei som selde labbar for kr 35,- og oppover, så det er kanskje ikkje så rart....

Sidan denne messa no er overstått, er det full fokus på julegåvene framover. Har ganske mange planar i hovudet, så no gjenstår det berre å setje dei ut i livet i løpet av dei fire vekene som er att til jul....

onsdag 25. november 2009

Selbustrikk


Eg har nyleg skaffa meg boka "Selbuvotten" av Terri Shea. I denne boka er det mange flotte mønster eg har fått lyst til å prøve ut. Sidan eg ikkje har strikka ordentlege selbuvottar med tommelkile og mønster på tommelen før, ville eg prøve meg på ein enkel vott fyrst.

Det fyrste paret mitt er eit par barnevottar, dei passar nok ca 3-5-åringar. Raudt Senjagarn og lys rosa babyull er brukt, og pinne nr 2,5.

Sidan det gjekk fint med det fyrste paret, ville eg prøve meg på eit par litt meir avanserte vottar. I oppskrifta står det størrelse "jente stor", men dei vert nok heller passeleg til store damehender.
Tysdags kvelden hadde eg opprydning og førebuing til julemessa. Alle varene fekk prislappar, og no seier eg meg nokolunde ferdig med produksjonen. Her er huer, halsar, labbar, vottar, bukser, gensarar, vinvesker, isskrapevottar og mobillommer. Eg er ganske spent på korleis dette går, kan jo risikere å sitje att med heile varelageret...Vi kryssar fingrane.

Ha ein fin kveld!







torsdag 19. november 2009

Diverse til julemessa

Det begynner å dra seg til mot julemessa, og no gjeld det å få til det eg har lyst å få ferdig. Eit par sokkar vart strikka i helga, tjukke og gode i herrestørrelse. Garnet er raggegarn frå Hjertegarn, pinne nr 4.

Siste vekene har eg laga nokre isskrapevottar, dette er enkelt og raskt arbeid. Hadde planar om å dekorere dei på eit eller anna vis, men eg er ikkje sikker på om det blir. Slik ser dei iallefall ut no.
Vinvesker er òg enkelt og raskt arbeid, kjekt når ein vert fort ferdig med noko. Desse tre har eg sydd pynt på i dag, fiskar i ull med perleauge.

Ullfiskar har desse tøflene fått òg. Tøflene er i ca str 32-33, strikka i eit tjukt ullgarn frå Europris.


Desse tenkte eg at eg skulle lage fleire av før julemessa, greit å ha litt småting for sal òg. Mobillomme med karabinkrok til nøklar, kanskje nokon har bruk for det?






mandag 9. november 2009

Tøfler og sokkar

Då er gåva til 95-åringen ferdig, eg tek sjansen på å legge dette ut her før den vert overrekt, trur ikkje han driv og les noko særleg hobbybloggar.
Tøflene er strikka i Cortina, og tova i tre omgangar for å få dei passelege. Eg har sydd på sålar frå Hifa, dei virka veldig greie. Men litt vanskeleg å få dei beine og perfekte, men dei formar seg vel i bruk. Gubben er modell, han har sannsynlegvis litt mindre fot enn mottakaren, men eg trur det skal gå bra.


Og her er nokre sokkar eg strikka medan tøflene tova og tørka. Raggstrømpegarn/hjertegarn, ca str 32. Brukte nesten eit nøste på kvar sokk.

søndag 8. november 2009

Sokkar og nye prosjekt

Endeleg ferdig med sokkane i Regia på pinne nr 2,5. Desse strikka eg på ein litt ny måte, begynte på begge sokkane omlag på same tid, strikka litt på den eine og litt på den andre, og når dei var ferdige var jammen begge ferdige omlag på same tid. Grei måte å gjere det på, for eg synest av og til sokk nr 2 er litt...ja...kjedeleg å begynne på. Særleg med så tynt garn.


I går var vi store deler av dagen i Florø på 4H-tur. Målet var symjehallen Havhesten, og med påfylgjande pizzabord på eit av byens hotell. Eg lurte meg til ei lita runde i byen, og fann m.a. ein interessann butikk som heitte Florø Husflid. Der var eigentleg lite garn, men mykje anna av hobbysaker. Eg fann m.a. solar til mitt neste prosjekt, samt ein del labbegarn i litt tjukkare kvalitet. (Prøve å begrense prosjekt med tynne pinnar...)


Her er mitt neste prosjekt. Neste helg er vi bedde i 95-årsdag til husbonden sin onkel. Ei utfordring då var å kome på noko som han kanskje kunne trenge, folk i den alderen har gjerne det dei treng. Og når kona er dyktig på strikking er det liksom ikkje vits å kome med kva som helst. Eit par tova tøfler meinar vi han kan trenge, så då er det berre å ta frå garnlageret og gå i gang. Har funne meg ei oppskrift på nettet, så denne søndagen skal eg kose meg med tjukke pinnar og tjukt garn.


Ha ein fin søndag!

tirsdag 3. november 2009

Pynt på vinvesker og tøfler

Eg har ei stund hatt nokre tova tøfler og vinvesker liggande som venta på å bli heilt ferdige. Litt pynt gjer seg, og for det meste er det tova ull som er klipt ut og sydd perler på.
Vinveskene er strikka i Østlandgarn, bortsett frå den grøne som er i Mor Aase.

Tøflene er strikka i Cortina.

Og endeleg er herreraggane ferdige. Blir nok å finne på julemessa, og om ikkje nokon der ser seg bruk i dei blir det vel ein åregevinst ein gong...

søndag 1. november 2009

Sokkar, sokkar.... og ei hue

Eg driv for tida og prøvar å kvitte meg med litt av sokkegarnet som eg har liggande. Diverre er mykje av det tynt og krev pinnestørrelse ca 2,5. Dette krev litt tålmodigheit, ein brukar jo fleire dagar på eit par sokkar... Desse er strikka i eit garn eg kjøpte på nettet, Lorna Laces, tynt men slitesterkt håpar eg. Fargeskifta var litt hyppige, det vart litt spraglete, men fargane er fine. (Syns ikkje bildet yter rettferdigheit mot fargane, men.)
Etter eit labbepar på pinne 2,5 er det reine himmelen å gå over til Jarbo raggi og pinne nr 4. Dette var ein rest eg hadde liggande, men jammen fekk eg for lite tråd så eg måtte handle eit nøste til. Så då vert det vel nok til eit par slike til.
I ein ubetenksom augneblink kjøpte eg tidlegare i haust nokre buntar med raggegarn frå Sparkjøp. 6 kr bunten, så billig var det. Men akk, langt frå så mjukt som Raggi-garnet frå Jarbo. Dette var heller hardt og stivt å strikke med, så eg er ikkje sikker på om det freistar til igjentaking. Imidlertid er berre ein herrelabb ferdig, garn og pinnar ventar på at eg skal gå i gang med nr 2.

Etter ein klubbkveld med nokre sørstrandsdamer, fekk eg idèen til å prøve meg på ei hue i halvpatentstrikk. Dette hadde eg ikkje prøvd før, så det var litt artig. Garnet er Alfa, og pinnestørrelse 6 og 10. Hua blei litt stor, spørs om eg må lure til litt strikk i vrangborda for at den skal sitje skikkeleg på hovudet. Ei lyslykt får duge som modell denne gongen.


Det var det for denne gong, ha ein fin kveld!

lørdag 24. oktober 2009

På handarbeidssida er eg for tida i modus for raske og lettvinte arbeid. På eit forum eg besøkjer av og til, hobbyboden, er det for tida ein along som heiter "Med ein 50-lapp i lomma". Her er det om å gjere å vere kreative og lage produkt for under 50-lappen. Dette er eg blitt inspirert av, så her går det i småarbeid for tida.

Nedanfor er eit par tøfler laga av i underkant av 3 nøste Cortina, med pinne nr 7. Då eg kjøpte garnet på Sparkjøp, kosta det 12,50 pr nøste, så kostnad på dette vert på ca 37,50. Den lilla hekla kanten var frå ein rest eg hadde, så den vert vel ikkje rekna med.
Her er òg noko som skal bli ei vinveske, strikka i Mor Aase frå Rema 1000, kosta 6 kr, bunten, og her gjekk det litt over eit nøste, så her er det skikkeleg billige garnkostnader.
Bildet er som de ser teke før toving.

Her er vinveska i lag med to andre av same slag, men strikka i Østlandsgarn frå Nille. Dette garnet kostar 12,90 pr nøste, og også her brukte eg litt over eitt nøste på kvar.



Dekoren er henta frå Hanna sitt perleskrin. Har aldri prøvd å strikke med perler før, men det blei no ganske fint, syns eg.



Dotra mi Hanna er for tida isolert pga mistanke om den stygge influensaen. Dei par-tre fyrste dagane var ho ganske sjuk, men no er ho etterkvart betre, og må ha noko å fordrive tida med. På eige initiativ ville ho strikke, og panneband var eit høveleg prosjekt. Eg la opp og fellte av, resten ordna ho sjølv. Pannebandet er i Gullgarn, passeleg tjukt og godt å strikke med for ein nybegynnar. Ho tykte faktisk det var så kjekt at ho no er begynt på eitt til.

Og sidan isolatet skal vare heilt til onsdag, håpar vi på rikeleg strikketid både Hanna og eg =).




søndag 18. oktober 2009

Hyttehelg

Her er hytta vår, der vi har tilbrakt helga. Traudalen er ein ikkje altfor solrik plass, så sjølv om himmelen var så godt som skyfri var det ikkje allverden med sol. Plassen fungerer likvel godt som rekreasjonsstad, så vi har hatt eit par flotte dagar med avslapping og kos. Når mørkret sig på er det godt å kunne kveike massevis av stearinlys og legge godt med ved i ovnen, så har ein det bra.

Her er hytta frå ein annan vinkel.


Noko som er kjekt å få med seg i oktober/november, er gytinga til auren i vatnet. Akkurat der vatnet renn ned i elva er det gode mogelegheiter for å sjå fisken, og det er eit artig skue. Ikkje enkelt å få gode bilde av dette, men om ein ser godt etter er det mogeleg å sjå nokre fisk på kvart bilde.... Tips:Klikk på bildet, så vert det større og mykje tydelegare å sjå.



Traudalen.



Rekkja med gamle naust på nordvest-sida av vatnet.

Litt seint for tyttebær, men fine er dei.



Helgas handarbeidprosjekt vart avslutta i siste liten før vi skulle heim. Eit par sokkar i Sisu Fantasy, ca str dame, pinne nr 2 1/2. Eg brukte akkurat eit nøste (hadde ca 2 meter att), på kvar sokk. Litt langdrygt arbeid, med tanke på at ein faktisk skal strikke to sokkar, men resultatet er eg bra fornøgd med. Desse går nok til julemesse-salget.