tirsdag 30. november 2010

Oppsummering av helga

Helga som var var innhaldsrik, litt travel men veldig kjekk. Søndag var den store førjulsdagen her i bygda, med familiegudsteneste og juleverkstad/messe/kafè. Tradisjonen tru skulle 4-åringane få bok i kyrkja denne søndagen. Og i år hadde vi for siste gong ungar som skulle få ei slik bok, så då stilte vi sjølvsagt opp.

Her har Nora og Kristina nett fått boka si, og så skal dei synge ein song i lag med presten. (Ja det var ikkje berre våre ungar der, men dei andre har eg skåre vekk for anledningen.)





Etter gudstenesta reiste vi til ungdomshuset. 12-åringen hadde eigen stand på messa i år, der ho selde diverse småtteri, julekaker, makramè m.m. Slik såg bordet hennar ut. Ho fekk selt alle natronkakene med ein gong, elles gjekk det litt av det andre òg.


Sjølv selde eg strikkavarer, eit mobilbilde av utstillinga mi var i forrige blogginnlegg. Salet gjekk bra, det gjekk mykje isskrapevottar, vottar elles, sokkar, huer m.m. Eg ser som i fjor at det er småting som sel best, så det må det lagast meir av. Trur eg har att berre eit par vottar...
Sidan helga var så hektisk, har vi ikkje kome heilt i gong med adventstida her. Adventsstaken er t.d. søkk vekke, så her må vi finne på noko anna. I ettermiddag har eg pakka inn dei obligatoriske 24 små pakkane. Våre born får pakke kvar sin dag, så det blir berre 4. kvar dag for kvar enkelt. (Eldstemann får ordne sin eigen kalender, ho er 20 år...) I år vert det ein enkel variant av ein kalender, men ungane vert nok nøgde håpar eg.




søndag 28. november 2010

Julemessesøndag

Ja då har eg fått laga til helgas utstilling, så får vi sjå korleis det går. Fyrst er det frukost og Gudsteneste med to spente 4-åringar son skal få kyrkjebok.
Ha ein fin søndag!

fredag 26. november 2010

Vinvesker og snart klar for julemesse

I helga skal det vere julemesse her i bygda, og det er jo spennande. No i veka hadde eg siste omgang med toving før messa, blant anna med desse vinveskene. Har sydd på pynt av tova ull og perler.


No i veka har eg elles drive og merka, prisa og laga liste over det eg skal stille ut på messa. Det blir spennande å sjå korleis det går. Restbeholdninga får eg berre ta vare på til gåver og anna til seinare. Eg er med i ungdomslaget som arrangerer messa, så helga går med til organisering, utstilling, baking og så sjølve gjennomføringa på søndag.

Ynskjer alle ei god helg!

lørdag 20. november 2010

Non stop trøye til tvilling 2

Med tvillingar i hus må det meste vere rettferdig. For vel ein månad sidan fekk tvilling 1 si non stop trøye. Etter litt anna småarbeid manna eg meg opp til å starte på trøye nr 2, slik at begge skulle få. Endeleg vart denne ferdig òg, og resultatet vart no greit. Litt knall med dei lilla stripene, men jenta likar lilla, så slik måtte det bli.



Mønsteret er lasta ned herifrå. Ei grei oppskrift som gjev berre to endar å feste om ein vel å bruke ein farge, evt fleirfarga garn.

søndag 14. november 2010

Tjukt garn og tjukke pinnar...

I det siste har eg kosa meg med tjukt garn og tjukke pinnar. Det er jo ein fryd, sidan ting blir fort ferdige.




Dette settet er strikka i Alfa frå Sandnes, etter oppskrift frå Sandnesgarn. Hua er strikka i halvpatent på pinne nr 10.


Eg har òg strikka tre kronehuer, den plommeraude i Eskimo, den kvite i Viking Balder og den lilla i Alfa. Oppskrifta har eg funne her, men eg har gjort nokre små endringar.



tirsdag 9. november 2010

Helgas produksjon

I helga lot snille mannen min meg reise ein tur på hytta heilt åleine. Då var det ikkje stort anna enn strikking som stod på programmet, og her er det eg fekk laga.

Fjordårets bestseljar på julemesse-standen min var isskrapevottar. Dei 5 eg hadde laga i fjor forsvann ganske raskt, så i år tenkte eg å ha dobbelt så mange. Dei fem fyrste er strikka av Mor Aase-garn. Isskrapene er kjøpte på Rema 1000.



Tova votta har eg fått litt dilla på, det går ganske raskt å lage eit par, og i løpet av helga laga eg to par.
Desse lilla vottane er strikka i Mor Aase garn på pinne nr 5. Størrelsen er ca 10-12 år, kanskje litt større.

Dei grå vottane er strikka i Artic frå Europris. Dei vart ein del tjukkare enn dei lilla vottane, sjølv om dei er tova like mykje.




Så får vi sjå om det er nokon som vil kjøpe tova-vottar på julemesse, viss ikkje vert dei kanskje liggande under eit juletre ein plass.

mandag 1. november 2010

Tova ullvottar

Eg har ei lita niese på 3 år som går i utegruppe i barnehagen. Tanta føler då eit visst ansvar for at jenta har varme kle, og ei av utfordringane er å halde ho varm på hendene. Det varmaste er visstnok tova vottar, så då måtte vi prøve å få til det. Har ikkje så brei erfaring med det frå før, men eg fekk det no til på eit vis. Har funne diverse oppskrifter på nettet, og gjort om masketal og mål så det skulle passe nokolunde. Neste gong skal eg legge opp nokre få masker mindre, og heller auke litt etter mansjetten, for å få ei passform som sit betre på handa.













Dette paret er strikka i Artic frå Trysilgarn/Europris, pinne nr 5. Tova på 40 grader i maskin.