søndag 29. november 2009

Selbuvottar og julemesse

Endeleg var desse vottane ferdige, fullførte siste tommelen i dag tidleg. Mykje mønster, tynn tråd. (Senjagarn). Dei vart selde på julemessa i dag!
Her er bordet med strikkavarer som mor mi og eg hadde på julemessa i dag. Sidan det var fyrste gongen min med sal på ei slik messe, var det litt spennande å sjå kva som vart selt. Noko som forsvant ganske tidleg var dei fem isskrapevottane eg hadde laga. Elles selde eg nokre huer, ullbukser, vinvesker, ein kjole og elles litt forskjellig. Sokkar av dyrt garn gjekk det lite/ingenting av, så då veit eg det. På bordet ved sidan av var det ei som selde labbar for kr 35,- og oppover, så det er kanskje ikkje så rart....

Sidan denne messa no er overstått, er det full fokus på julegåvene framover. Har ganske mange planar i hovudet, så no gjenstår det berre å setje dei ut i livet i løpet av dei fire vekene som er att til jul....

onsdag 25. november 2009

Selbustrikk


Eg har nyleg skaffa meg boka "Selbuvotten" av Terri Shea. I denne boka er det mange flotte mønster eg har fått lyst til å prøve ut. Sidan eg ikkje har strikka ordentlege selbuvottar med tommelkile og mønster på tommelen før, ville eg prøve meg på ein enkel vott fyrst.

Det fyrste paret mitt er eit par barnevottar, dei passar nok ca 3-5-åringar. Raudt Senjagarn og lys rosa babyull er brukt, og pinne nr 2,5.

Sidan det gjekk fint med det fyrste paret, ville eg prøve meg på eit par litt meir avanserte vottar. I oppskrifta står det størrelse "jente stor", men dei vert nok heller passeleg til store damehender.
Tysdags kvelden hadde eg opprydning og førebuing til julemessa. Alle varene fekk prislappar, og no seier eg meg nokolunde ferdig med produksjonen. Her er huer, halsar, labbar, vottar, bukser, gensarar, vinvesker, isskrapevottar og mobillommer. Eg er ganske spent på korleis dette går, kan jo risikere å sitje att med heile varelageret...Vi kryssar fingrane.

Ha ein fin kveld!







torsdag 19. november 2009

Diverse til julemessa

Det begynner å dra seg til mot julemessa, og no gjeld det å få til det eg har lyst å få ferdig. Eit par sokkar vart strikka i helga, tjukke og gode i herrestørrelse. Garnet er raggegarn frå Hjertegarn, pinne nr 4.

Siste vekene har eg laga nokre isskrapevottar, dette er enkelt og raskt arbeid. Hadde planar om å dekorere dei på eit eller anna vis, men eg er ikkje sikker på om det blir. Slik ser dei iallefall ut no.
Vinvesker er òg enkelt og raskt arbeid, kjekt når ein vert fort ferdig med noko. Desse tre har eg sydd pynt på i dag, fiskar i ull med perleauge.

Ullfiskar har desse tøflene fått òg. Tøflene er i ca str 32-33, strikka i eit tjukt ullgarn frå Europris.


Desse tenkte eg at eg skulle lage fleire av før julemessa, greit å ha litt småting for sal òg. Mobillomme med karabinkrok til nøklar, kanskje nokon har bruk for det?






mandag 9. november 2009

Tøfler og sokkar

Då er gåva til 95-åringen ferdig, eg tek sjansen på å legge dette ut her før den vert overrekt, trur ikkje han driv og les noko særleg hobbybloggar.
Tøflene er strikka i Cortina, og tova i tre omgangar for å få dei passelege. Eg har sydd på sålar frå Hifa, dei virka veldig greie. Men litt vanskeleg å få dei beine og perfekte, men dei formar seg vel i bruk. Gubben er modell, han har sannsynlegvis litt mindre fot enn mottakaren, men eg trur det skal gå bra.


Og her er nokre sokkar eg strikka medan tøflene tova og tørka. Raggstrømpegarn/hjertegarn, ca str 32. Brukte nesten eit nøste på kvar sokk.

søndag 8. november 2009

Sokkar og nye prosjekt

Endeleg ferdig med sokkane i Regia på pinne nr 2,5. Desse strikka eg på ein litt ny måte, begynte på begge sokkane omlag på same tid, strikka litt på den eine og litt på den andre, og når dei var ferdige var jammen begge ferdige omlag på same tid. Grei måte å gjere det på, for eg synest av og til sokk nr 2 er litt...ja...kjedeleg å begynne på. Særleg med så tynt garn.


I går var vi store deler av dagen i Florø på 4H-tur. Målet var symjehallen Havhesten, og med påfylgjande pizzabord på eit av byens hotell. Eg lurte meg til ei lita runde i byen, og fann m.a. ein interessann butikk som heitte Florø Husflid. Der var eigentleg lite garn, men mykje anna av hobbysaker. Eg fann m.a. solar til mitt neste prosjekt, samt ein del labbegarn i litt tjukkare kvalitet. (Prøve å begrense prosjekt med tynne pinnar...)


Her er mitt neste prosjekt. Neste helg er vi bedde i 95-årsdag til husbonden sin onkel. Ei utfordring då var å kome på noko som han kanskje kunne trenge, folk i den alderen har gjerne det dei treng. Og når kona er dyktig på strikking er det liksom ikkje vits å kome med kva som helst. Eit par tova tøfler meinar vi han kan trenge, så då er det berre å ta frå garnlageret og gå i gang. Har funne meg ei oppskrift på nettet, så denne søndagen skal eg kose meg med tjukke pinnar og tjukt garn.


Ha ein fin søndag!

tirsdag 3. november 2009

Pynt på vinvesker og tøfler

Eg har ei stund hatt nokre tova tøfler og vinvesker liggande som venta på å bli heilt ferdige. Litt pynt gjer seg, og for det meste er det tova ull som er klipt ut og sydd perler på.
Vinveskene er strikka i Østlandgarn, bortsett frå den grøne som er i Mor Aase.

Tøflene er strikka i Cortina.

Og endeleg er herreraggane ferdige. Blir nok å finne på julemessa, og om ikkje nokon der ser seg bruk i dei blir det vel ein åregevinst ein gong...

søndag 1. november 2009

Sokkar, sokkar.... og ei hue

Eg driv for tida og prøvar å kvitte meg med litt av sokkegarnet som eg har liggande. Diverre er mykje av det tynt og krev pinnestørrelse ca 2,5. Dette krev litt tålmodigheit, ein brukar jo fleire dagar på eit par sokkar... Desse er strikka i eit garn eg kjøpte på nettet, Lorna Laces, tynt men slitesterkt håpar eg. Fargeskifta var litt hyppige, det vart litt spraglete, men fargane er fine. (Syns ikkje bildet yter rettferdigheit mot fargane, men.)
Etter eit labbepar på pinne 2,5 er det reine himmelen å gå over til Jarbo raggi og pinne nr 4. Dette var ein rest eg hadde liggande, men jammen fekk eg for lite tråd så eg måtte handle eit nøste til. Så då vert det vel nok til eit par slike til.
I ein ubetenksom augneblink kjøpte eg tidlegare i haust nokre buntar med raggegarn frå Sparkjøp. 6 kr bunten, så billig var det. Men akk, langt frå så mjukt som Raggi-garnet frå Jarbo. Dette var heller hardt og stivt å strikke med, så eg er ikkje sikker på om det freistar til igjentaking. Imidlertid er berre ein herrelabb ferdig, garn og pinnar ventar på at eg skal gå i gang med nr 2.

Etter ein klubbkveld med nokre sørstrandsdamer, fekk eg idèen til å prøve meg på ei hue i halvpatentstrikk. Dette hadde eg ikkje prøvd før, så det var litt artig. Garnet er Alfa, og pinnestørrelse 6 og 10. Hua blei litt stor, spørs om eg må lure til litt strikk i vrangborda for at den skal sitje skikkeleg på hovudet. Ei lyslykt får duge som modell denne gongen.


Det var det for denne gong, ha ein fin kveld!